FLAMMANDE APPELL FOR FRILUFTSBASSENGET: Stein Idar Sem-Johansen heldt eit fargerikt innlegg for friluftsbassenget. Han heldt seg ikkje berre til tørre argument, men nemnde òg sykkelturar han la ut på i ungdomen gjennom dei farlege tunnelane frå Øvre Årdal til Årdalstangen, for å bada i bassenget.
FLAMMANDE APPELL FOR FRILUFTSBASSENGET: Stein Idar Sem-Johansen heldt eit fargerikt innlegg for friluftsbassenget. Han heldt seg ikkje berre til tørre argument, men nemnde òg sykkelturar han la ut på i ungdomen gjennom dei farlege tunnelane frå Øvre Årdal til Årdalstangen, for å bada i bassenget. (Foto: Snorre Sandemose)

Sem-Johansen: – Det er basseng nummer to eg føler me vil til livs

Han har undervist i symjing i skuleverket i over førti år, og meiner det går nedover med symjekunna til born og unge både i Årdal og i landet elles.

Årdal: – Då er det basseng nummer to eg føler at me vil til livs. Det er 12 år sidan me la ned det førre bassenget her i Årdal, på Farnes skule. Dei sa det so fint den gongen. «Me skal utbetra bassenget slik at små ungar kan læra å symja der. Men det kom aldri noko», sa Stein Idar Sem-Johansen frå talarstolen. 

I same venda sa han at dette har øydelagt for symjeundervisninga på Farnes skule. 

– Som gamal symjelærar veit eg at du må kunna stå på botnen når du skal læra å symja. Det var det gode opplæringsbassenget me hadde for dei minste, sa han vidare. 

Til Porten.no sa han etterpå at slikt får konsekvensar, for no lærer ikkje lenger dei minste å symja på Farnes skule før dei har kome opp i 4.klasse. 

– Prosentdelen symjedyktige er på vikande front i landet, både blant dei minste og dei ungane som er litt større. Det har eg sett, seier Sem-Johansen, som har undervist i symjing sidan 1975. 

Difor meiner han det er viktigare enn nokon gong å halda på dei bassenga som er. 

– Me må tola at eit basseng krev vedlikehald

Frå talarstolen gjekk han til åtak på at det har vore kutt i løyvingane til barnehagar, skular og kulturskular i Årdal dei seinare åra. 

– Eg ber om at me ikkje råkar dei unge endå ein gong, sa Sem-Johansen.

Han kritiserte òg det faktumet at dei 500 000 kronene som kommunestyret faktisk løyvde til bassenget før jul, no i staden skal gå til å utvikla ny sentrumsplan på Årdalstangen.  

– Eg veit ikkje kva det er for noko, kva det skal verta med det. Men bassenget, det ligg der. Og me må tola at det krev vedlikehald. Det gjer alle andre kommunale bygg òg, sa han. 

Han la til at sentrale styresmakter har sagt at sjølve driftinga av eit friluftsbasseng ikkje bør kosta meir enn 300 000 kroner for ein sesong, og bad om at tilstrekkeleg med pengar vart løyvde både til å drifta bassenget i sommar, og til å gjera naudsynt oppussing.

Likar ikkje samanlikning med sjukeheimsplassar

I sin appell kalla Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) den millionen kroner som hadde trongst ekstra til oppussing av bassenget, for ein «drope i havet» når ein samanliknar med heile det kommunale budsjettet. 

Noko av det siste Aleksander Øren Heen (Sp) litt seinare sa i sin appell, var at ein million kroner slett ikkje er nokon drope i havet, men «to sjukepleiarstillingar», til dømes. 

Sem-Johansen vil ikkje vita av ei slik jamføring. 

– Eg kan ikkje minnast at me tidlegare har vurdert dei kommunale utgiftene opp mot kor mange tilsette me kan få på sjukeheimane for dei same pengane. Me brukar 40 millionar kroner på administrasjonen i kommunen, men me jamfører ikkje kvar einaste utgiftspost der opp i mot kor mange sjukepleiarstillingar me kunne fått i staden, seier han til Porten.no

Omlag 300 basseng på landsbasis som har lidd same lagnad siste tiåret

Frå talarstolen sa Sem-Johansen at det «sikkert er bra å laga ein analyse» med referanse til ynskjet om å laga ein plan for bassengdrifta, som Thomas Norheim Moen (Sp) målbar.  

– Me ser at det har vore lagt ned om lag 300 basseng på landsbasis dei siste ti åra. Det er formannskap og kommunestyre kringom i landet som har hatt dei same vegringane som oss, sa Sem-Johansen.

Den erfarne symjelæraren tykkjer difor det er tragisk at ein no også i Årdal skal melda pass endå ein gong på bassengfronten. 

 Utandørsbassenga våre er signalbasseng, du kan samanlikna dei med signalbygg. Det er noko du tek vare på. Sjå berre på mykje eldre bassenganlegg i byar, som Nordnes bad og Frognerbadet. Dei vert rusta opp og tekne vare på. Eg synest det er tragisk at ikkje me ser oss råd til det same, seier Sem-Johansen til Porten.no. 

Han tilhøyrde den tapande parten i kommunestyresalen i denne saka, men meiner dei verkelege taparane er nokon heilt andre. 

– Taparane i dag er brukarane av bassenget på Tangen, og særleg dei unge, seier Sem-Johansen.

Til toppen