Lærdal: Politiet i Sogn og Fjordane twitra rett over klokka 1530 at tilhengaren på ein semitrailer hadde velta medan trekkvogna framleis stod på hjula.
Det var ikkje personskade, men i følgje Vegtrafikksentralen Vest redusert framkommelegheit forbi ulukkesstaden ved Breistølen.
Etter ulukka var det lenge passasje for personbilar i det eine køyrefeltet, men vegen vart stengt medan bergingsarbeidet stod på.
Kvart over fire melder Vegtrafikksentralen at vegen er open att.