SAMANSLÅING: Fylkesutvalet stiller seg bak planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett. Foto: Ina Eirin Eliassen.
SAMANSLÅING: Fylkesutvalet stiller seg bak planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett. Foto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen. )

Semje om fylkesdomstol

Fylkesutvalet stiller seg bak planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og Fjordane tingrett.

Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. Hovudkontoret er planlagt å liggja i Førde, men det vil framleis vera aktivitet i Eid og Sogndal.

Onsdag orienterte sorenskrivar i Sogn og Fjordane tingrettar, Terje Mowatt, og førstelagsmann i Gulating lagmannsrett, Magni Elsheim, fylkesutvalet om prosessen.

Fylkesutvalet støttar planane i ei samrøystes fråsegn, men med føresetnad om at aktiviteten på Nordfjordeid vert oppretthalden og at Sogndal framleis er rettsstad med bemanna kontor. 

«Fagleg styrking av dei to noverande domstolane og naudsynet for at domstolen skal bli stor nok til å kome med i domstolane sitt digitaliseringsprogram vart lagt til grunn,» heiter det i pressemeldinga.

Dei nye digitale løysingane skal gi meir effektive arbeidsmåtar og betre tenester for brukarane.

Til toppen