17. mai-toget på Borgund. (Foto: Kjell Rune Humborstad)
Ordførar Jan Geir Solheim held årets tale. (Foto: Kjell Rune Humborstad)
Biletet er teke på Finnsåsen klokka 09.00 i dag tidleg. Heilt grei utsikt over Årdalsfjorden... (Foto: Terje Solheim)
Elevar frå Farnes skule. (Foto: Privat)
Juniorkorps frå Årdal kulturskule, med flotte uniformskledde korpsmusikantar som tilskodarar. (Foto: Privat)
Fana til Farnes skule vaia stolt saman med det norske flagget i 17. mai-toget i Øvre Årdal. (Foto: Privat)
Øvre Årdal janitsjarkorps. (Foto: Privat)
Farnes skulemusikk. (Foto: Privat)
Gamleskulen pynta til fest. (Foto: Privat)
Me feira 17.mai på stølen vår på Indre Hafslo iår🇳🇴🇳🇴, skriv Laila Joranger.
FLAGGDAG: Øvstetunhagen i Øvre Årdal er pynta til fest (Foto: Ronny Eldegard)
STASELEG: Toget gjekk i perfekt 17. mai-vær på Årdalstangen (Foto: Kjersti Nundal)

Ser du nokon du kjenner?

Få dagar i året er så fotogene som 17. mai. Del dine blinkskot frå feiringa med dei andre lesarane av Porten.no.

Indre Sogn: Du har slitne russ i fargesterke dressar, du har ungar med is i den eine handa og pølse i den andre, du har barnetog og folketog, du har korpsa som har trent heile året for dette høvet til å gå og spela samstundes, du har bestefar i sin finaste dress, og bestemor i den same bunaden ho alltid har hatt, du har norske flagg så langt auga kan rekka.

Kort sagt, på 17. mai er du omringa av potensielle fotomotiv til alle kantar. Viss du får fanga nokre blinkskot i løpet av dagen, så håpar me du har lyst til å dela nokre av dei med oss.

Send inn bileta dine på e-post til tips@porten.no, så kan me visa dei fram i galleriet øvst i saka.

Til toppen