SKUMMEL TRIO: Denne fargerike trioen var blant dei som gjorde in skikkeleg innsats for at utkledninga skulle vera på stell til Halloween i fjor.
SKUMMEL TRIO: Denne fargerike trioen var blant dei som gjorde in skikkeleg innsats for at utkledninga skulle vera på stell til Halloween i fjor.

Send inn dine bilete av Halloween-feiringa

Det er dagen for knask eller knep, og stadig fleire nyttar høve til å kle seg i kreative kostymer på jakt etter dagens fangst.

Sogn: Frå å vera ein obskur feiring dei fleste kjende best frå amerikanske filmar, har Halloween gradvis byrja å få fotfeste, óg her i Sogn.

For mange er høgdepunktet å kle seg ut i til dels skremmande utkledningar, og gå rundt i nabolaget på jakt etter snop. Ei utmerka oppvarming til julebukksesongen, med andre ord.

Me ønskjer gjerne å visa fram korleis sogningane feirar den makabre dagen. Send inn bilete til tips@porten.no. Alle innsende bidrag vil etter kvart dukka opp i bildegalleriet nedst i saka.

Førebels har me lagt inn eit par frå fjorårets feiring.

SUPERHELT: Halloween vart ettertrykkeleg feira i Nordgulfjorden grendehus i 2019. (Foto: Ann-Kristin Tveit/arkiv)
SKUMMEL TRIO: Denne fargerike trioen var blant dei som gjorde in skikkeleg innsats for at utkledninga skulle vera på stell til Halloween i fjor.
GØY FOR BORNA: Fyrsteklassingane på Årdalstangen skule kombinerte klassefest og halloween i 2017. (Bilde: Darija Volosjina)
Til toppen