SEND OSS BILETE: Send oss dine bilete frå 17. mai-feiringa, så legg me dei ut på Porten.no onsdag ettermiddag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SEND OSS BILETE: Send oss dine bilete frå 17. mai-feiringa, så legg me dei ut på Porten.no onsdag ettermiddag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Send oss dine bilete frå feiringa av nasjonaldagen

Vis våre lesarar korleis du feirer 17. mai. 

Har du ein spesiell tradisjon du og dine vener alltid må gjere på 17. mai? Planar om å gå i tog, champagnefrokost eller fest på ettermiddagen?

17. mai er dagen omtrent alle er glade i – av mange årsaker. Nasjonaldagen skal feirast i alle tettstadar og kommunar, og alle har sine unike måte å markere dagen på.

Dessutan er det lite som matchar Sogn på 17. mai. Grøne fjellsider, kvitkledde toppar og norske flagg over alt. Meir nasjonalromantisk får ein det knapt.

Send oss dine bilete frå feiringa, så legg me bileta ut på Porten.no onsdag ettermiddag. Du kan sende til oss på tips@porten.no, eller du kan bruke Instagram. Då må du merke bileta dine #MittPorten, så dukkar bileta opp, men pass på at du har ein open profil.

Ha ei fin 17. mai-feiring!

Til toppen