Send til sjukehus etter ulykke
(Arkiv)

Send til sjukehus etter ulykke

Ein mann er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei ulykke med traktor.

Fjærland: Politiet melde om uhellet klokka 11.30 fredag føremiddag. Uhellet skjedde på ein kommunalveg ved Skeie i Fjærland i Sogndal.

Då politiet melde om ulykka, var ambulansen allereie på staden. Ulykka har skjedd i ein traktor, og det var éin person involvert.

Mannen i 40-åra vart frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

– Uhellet har skjedd i samband med at ein traktorskuff har losna og traktoren køyrde over den, skriv politiet.

Til toppen