GLATTE VEGAR: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om is og glatte vegar til heile landet måndag.
GLATTE VEGAR: Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om is og glatte vegar til heile landet måndag. (Illustrasjon: Meteorologisk Insititutt)

Sende ut farevarsel til heile landet: Forventar kaos

Skal du ut å køyra bil tysdag bør du vera obs.

Sogn: Akkurat då kuldegradene har fått nok tak til å kjøla ned bakken, kjem regnet. Det kan føra til kaotiske tilstandar, ifølgje meteorologane. 

Natt til tysdag kjem det varm luft og nedbør og tek over for det kalde tørre vêret som har vore. 

Frå måndag kveld ventar meteorologane underkjølt regn og is landet over. Meteorologisk institutt har difor sendt ut gult farevarsel, som gjeld heile Noreg utanom Finnmark.

– Enten du skal gå, sykla eller køyra buss, så bør du legga inn ekstra tid i morgon. For om ikkje du får problem sjølv, så er det heilt sikkert andre som sliter, sa meteorolog Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt til NRK, som først melde om saka. 

Til toppen