Lærdal: - Den mest kompetente til å vurdera dette er Fylkesmannen. Her ligg det føre framlegg frå rådmannen, men det er mogleg å gjera ting på andre måtar. Ein kan bestemma at saka skal oversendast Fylkesmannen utan å realitetshandsama saka, men då må nokon koma med det framlegget. Det kan vera føremålstenleg i høve usikkerheita her, sa rådmann Alf Olsen jr.
Rådmannen hadde tilrådd at kommunestyret skulle kjenna sitt eige vedtak om nedlegging av Ljøsne skule gyldig. Gro Starheimsæther (Sp) tok i mot "invitasjonen" om å koma med nytt framlegg:
- Vil vera sikker
- Det er eg som er nokon, tydelegvis. Eg føler meg ikkje hundre prosent sikker på at det er gjort rett i denne saka, og i ei så viktig sak vil eg vera sikker.
Spørsmålet er om vedtaket om nedlegging av skulen vart ulovleg fatta fordi ein ikkje vedtok ny samfunnsdel av kommuneplanen før ein vedtok skulebruksplanen.
Les også: Skal vurdera lovlegheita av eige vedtak
Kommunestyret gjekk einstemmig inn for Gro Starheimsæther sitt framlegg om å senda lovlegkontrollen til Fylkesmannen. Det vart avklart at prosessen rundt nedleggingsvedtaket ikkje skal stoppast før Fylkesmannen eventuelt finn vedtaket ugyldig