ULYKKE: Ulykke har skjedd ved Hauge i Lærdal på riksveg 5. Ein person er sendt til sjukehus med ambulanse. Foto: Tipsar.
ULYKKE: Ulykke har skjedd ved Hauge i Lærdal på riksveg 5. Ein person er sendt til sjukehus med ambulanse. Foto: Tipsar.

Sendt til sjukehus etter ulykke

Ein person er sendt til Lærdal sjukehus etter ei trafikulykke på riksveg 5 i same kommune.

Lærdal: Ulykka skjedde ved Hauge på riksveg 5 i Lærdal, melder politiet på Twitter tysdag kveld. 

Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen, skriv politiet om lag 19.10. Ein mann har blitt køyrt med ambulanse til Lærdal sjukehus, men det er uvisst kva skadeomfanget er. 

Heller ikkje årsaka til ulykke er kjend. Bilen står i grøfta.

Tips oss på på 480 13 131, bruk e-post tips@porten.no eller send ein SMS med kodeord PORTEN til 1963. 

Til toppen