Seniordebuterte i NM: – Større enn eg hadde venta​

I helga som var debuterte Jennifer Mjøs frå Aurland i Senior-NM i Askøy.

Aurland: Oppladinga tok ho i Spania, og den må ho innrømme at ikkje var heilt ideell. Porten.no treff ho på idretssbana i Aurland. 

– Eg var ikkje heilt i form den helga, og det var dårlege forhold, fortel ho. 

15-åringen frå Aurland kvalifiserte seg ikkje i verken lengde eller 200 meter, men på førehand var ikkje forventningane dei største heller. 

– Det handla litt om å få prøve seg. Eg skjønte etter at eg hadde løpt at toppformen allereie har vore. Eg veit ikkje sikkert, men eg har berre løpt eitt stemne som har gått dårleg slik sett, seier ho.

– Før NM tenkte eg at det ikkje var så «big deal» å vere med på Senior-NM, men då eg kom dit, var det litt større enn eg hadde venta. Det var litt skummelt eigentleg å springe mot vaksne, legg ho til.

Mykje arbeid ligg bak

No er ho uansett ei erfaring rikare. Ungjenta er framleis så ung at ho ikkje heilt veit kva grein ho ønskjer å spesialisere seg i, og om ho i det heile tatt kjem til å satse på idrett om nokre år når ho skal starte på vidaregåande skule.

– Kva er draumen?

– Eg har fått det spørsmålet mange gonger, også frå meg sjølv. Eg veit ikkje heilt. Det kjem an på kor eg går på vidaregåande skule. Det er vanskeleg å satse i Sogndal fordi dei ikkje har toppidrett innan friidrett eigentleg, men eg har i utgangspunktet ikkje tenkt å satse på idrett når eg byrjar på vidaregåande. Det vil tida visa på kor godt eg gjer til neste år, svarar ho.

– Det ligg veldig mykje bak alt dette også. Eg trenar mellom fem og ti timar i veka. 

Spring Junior-NM i helga

Den avgjerdsla treng ho heldigvis ikkje å ta med det første. Allereie til helga skal Mjøs delta i Junior-NM i Brandbu. I månadskiftet august-september skal ho delta på Ungdomsmeisterskap. 

– Eg er ikkje den som set voldsomme mål, men målet er å koma til finalar. Eg er usikker på om ny personleg rekord er realistisk, men viss eg klarar det, er det kjempegøy. 

Til toppen