ELDSJELPRIS: Seniorgruppa i IL Jotun fekk idrettslaget sin første eldsjelpris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ELDSJELPRIS: Seniorgruppa i IL Jotun fekk idrettslaget sin første eldsjelpris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Seniorgruppa fekk den første eldsjelprisen til idrettslaget

Den nyoppretta prisen gjekk til ei gruppe som alltid stiller opp for idrettslaget. 

Årdal: IL Jotun har bestemt seg for å dele ut ein årleg eldsjelpris til ein person eller gruppe som har gjort noko ekstra spesielt for idrettslaget det siste året.

Onsdag vart den første prisen delt ut på årsmøtet til idrettslaget, og den gjekk til ei gruppe med stor aktivitet, og som alltid stiller opp – seniorgruppa i IL Jotun.

– Dei er ein stor hjelp for oss. Me får gjort mykje arbeid som elles hadde kosta mykje om me skulle leigd hjelp til å utføra dette, seier leiar i Jotun, Arnt Stølen Moen.

Stor aktivitet

Seniorgruppa har pussa opp kjøkkenet i klubbhuset, pussa opp skihytta, jobbar for tida med garasjen til idrettslaget og har fått på plass premieskap i idrettshallen. Elles stiller dei opp som parkeringsvakter og kjem med tilbakemeldingar ved behov.

– Mange av desse har tidlegare hatt ulike verv i idrettslaget og slik hatt ei lang fartstid her, og når dei slepp til yngre krefter i driften, så held dei fram med dugnad på andre felt, seier Moen, som håpar seniorgruppa blir med i mange år framover også.

Arne Håkon Laberg er leiar i seniorgruppa. Han meiner prisen til denne gjengen er vel fortent – ikkje berre for jobben dei gjer for idrettslaget, men også andre prosjekt dei stiller opp på, som ballbingen ved ungdomsskulen og den såkalla «Olsenbana».

– Det er veldig flott at dei får ei slik merksemd. Det har dei absolutt fortent. Det aldri eit nei å få. Dei har stilt opp på mange prosjekt gjennom åra, og fleire skal det bli. Tenk for ein ressurs det er for eit idrettslag å ha slike med seg, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

PRIS: Sofie Moen vart tildelt bragdestaup for innsatsen ho legg ned kvar dag for turngruppa og for jobben ho gjorde med turnstemnet i 2016. 
PRIS: Sofie Moen vart tildelt bragdestaup for innsatsen ho legg ned kvar dag for turngruppa og for jobben ho gjorde med turnstemnet i 2016. 

Andre utmerkingar

Seniorgruppa var ikkje dei einaste som fekk ei spesiell utmerking på møtet. Annbjørg Lereng fekk utdelt æresteikn i sølv for det enorme arbeidet ho har lagt ned for turngruppa spesielt, men også andre grupper i idrettslaget.

Til slutt vart Sofie Moen tildelt bragdestaup for innsatsen ho har gjort for turngruppa, og ikkje minst då ho tok på seg ansvaret for å leia det store turnstemnet som IL Jotun arrangerte i fjor i ein alder av 19 år.

Til toppen