KARTSKATT: Dei gjorde store auge, tidlegare direktør ved Norsk vegmuseum Geir Paulsrud og prosjektleiar Jan Adriansen, då det i førre veke dukka opp ei samling med nesten 200 år gamle Kongevegkart på Riksarkivet i Oslo. Foto: Jan Adriansen.
KARTSKATT: Dei gjorde store auge, tidlegare direktør ved Norsk vegmuseum Geir Paulsrud og prosjektleiar Jan Adriansen, då det i førre veke dukka opp ei samling med nesten 200 år gamle Kongevegkart på Riksarkivet i Oslo. Foto: Jan Adriansen.

Sensasjonelt funn av historiske kart over Kongevegen

– Det er som å kome inn i ein godteributikk. Dette er kjelder ingen har sett på 200 år.

Lærdal: Det seier prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, Jan Adriansen. I førre veke var han med på å gjera eit historisk funn, kan ein lese på Kongevegen over Filefjell si Facebook-side. Men først må ein skru klokka to år tilbake.

Etter ei lang og spesiell historie dukka det opp 43 totalt ukjende handteikna kart over Kongevegen frå Oslo til stiftsstøtta på Filefjell i 2014. Nasjonalbiblioteket skildra dette som den største kartskatten som er funnen i Noreg dei siste åra.

Årsaka til at funnet var så spesielt, er at på byrjinga av 1800-talet var det ikkje vanleg å teikne kart over innlandsvegar. Det var vegane på kysten som var viktigast, så tidlege innlandskart er utruleg sjeldne. På 1800-talet vart Kongevegen utbetra, og desse karta viser vegen før utbetringa. Etter å ha blitt utstilt, er karta no trygt lagra på nasjonalbiblioteket.

HISTORISK FUNN: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell Jan Adriansen var med og fann karta. Arkiv
HISTORISK FUNN: Prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell Jan Adriansen var med og fann karta. Arkiv

Fann andre halvdelen

Tilbake til ein februardag i 2016. Jan Adriansen og tidlegare direktør ved Norsk vegmuseum Geir Paulsrud er på riksarkivet for å leite etter gamle ting om Kongevegen.

– For å gjera historia kort fann me dei same karta som i 2014, men no frå stiftsstøtta til Bergen. Då me fann den første halvdelen, var det den største kartskatten, og no har me funne den andre halvdelen som me ikkje visste eksisterte, fortel Adriansen.

Karta, som er teikna av Captain J. H. Reichborn i 1825, syner heile Kongevegstrekninga frå stiftsstøtta på Filefjell og like ned til Bergen. Han skildrar opplevinga som å kome inn i ein godteributikk, der han kan leite i kjelder ingen har sett på 200 år. 

Ny kunnskap

Så no sit dei altså på handteikna kart av heile den Bergenske Kongeveg mellom Oslo og Bergen frå tida før dei store omleggingane utover 1800-talet tok til. Det er ingen tvil om at dette vil gi ny kunnskap.

Artikkelen held fram under biletet.

UTSTILLING: Då det førre funnet vart gjort i 2014, vart karta stilt ut i St. Thomaskyrkje på Filefjell.
UTSTILLING: Då det førre funnet vart gjort i 2014, vart karta stilt ut i St. Thomaskyrkje på Filefjell.

– Det er veldig detaljerte kart som syner husmannsplassar, stadnamn og gardar. No får me anten stadfesta eller avkrefta ting me har trudd. Eit døme er svingane i Stalheimskleiva i Voss. Svingane som er der i dag vart laga i 1845, og no kan me sjå kor dei gamle svingane gjekk, fortel Adriansen. 

Det vert satsa hardt på begge sider av fjellet for å gjera Kongevegen over Filefjell til ein attraksjon. Tidlegare har Porten.no skrive om verksemder frå både Lærdal og Vang som har gått saman for å skapa eit produkt av det heile.

– Det er ei vitamininnsprøyting å finne noko slikt. Det gir ein heilskap i det heile. Det blir meir enn berre ein skogsveg å gå på. Dette seier noko om livet langs vegen. Me har funne masse brev som gir innblikk i folka som levde langs vegen. No har me kart over heile den Bergenske Kongeveg. Det er heilt fantastisk at det går an i det heile. Det var ingen som visste om dette, og på to år har me funne karta. 

Til toppen