VERT AVVIKLA: Cleopatra Parfymeri på Årdalsenteret vert avvikla. Siste opningsdag er 31. august, kan senterleiar Yvonne Romøren fortelja. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
VERT AVVIKLA: Cleopatra Parfymeri på Årdalsenteret vert avvikla. Siste opningsdag er 31. august, kan senterleiar Yvonne Romøren fortelja. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Senterbutikk vert avvikla – jobbar med å få inn ny

Cleopatra Parfymeri på Årdalsenteret skal avviklast.

Årdal: Det stadfestar senterleiar Yvonne Romøren til Porten.no. Tøff konkurranse i ein marknad der mange har liknande produkt blir trekt fram som ei årsak til dagleg leiar Britt Heggestad avviklar butikken.

AKTIVE: Senterleiar Yvonne Romøren fortel at dei jobbar aktivt med å få inn erstattar der som Cleopatra Parfymeri ligg i dag. Arkiv
AKTIVE: Senterleiar Yvonne Romøren fortel at dei jobbar aktivt med å få inn erstattar der som Cleopatra Parfymeri ligg i dag. Arkiv

Romøren fortel at siste opningsdag er 31. august og at dei no jobbar for å få inn ein ny butikk.

– Me jobbar ganske aktivt med å få inn nokre nye. På eit kjøpesenter er det naturleg at butikkar kjem og går. Slik er det. Det er synd, men me ser fram til å fylla opp att lokalet med noko anna, seier senterleiaren.

– Viss folk har ønske om å etablera butikk eller ønsker å flytta inn på senteret, er det hjarteleg velkomne til å ta kontakt. 

Førebels jobbar dei med å få inn ein lokal butikk i det snart tomme lokalet, som ikkje vil stå tomt altfor lenge uansett.

– Me har bestemt oss for at det ikkje skal vera mørkt der, så det blir utstilling der av noko slag, muligens frå andre butikkar slik at det ikkje skal sjå heilt tomt ut.

Til toppen