VENTAR KAOS: Senterleiar Wilhelm Tangerud  (innfelt) ventar kaos når Lothepus og Finn Tokvam kjem for å signera biografien sistnemnde har skrive om førstnemnde. Biletet er frå ei tilsvarande boksignering i Os.
VENTAR KAOS: Senterleiar Wilhelm Tangerud (innfelt) ventar kaos når Lothepus og Finn Tokvam kjem for å signera biografien sistnemnde har skrive om førstnemnde. Biletet er frå ei tilsvarande boksignering i Os. (Bilde: Montasje)

Senterleiaren forventar kaos når heile landets Lothepus kjem til bygda på boksignering

– Når det ringer folk til meg frå nabokommunane og lurer på om dei må kjøpa boka på nytt for å få selfie med lotehpusen, då lovar det godt, seier Wilhelm Tangerud.

Sogndal: På laurdag, den 25. november, kjem Lothepus og Finn Tokvam på boksignering til kjøpesenteret Amfi Sogningen i Sogndal.

Senterleiaren forventar det glade kaos.

– Når det ringer folk til meg frå nabokommunane og lurer på om dei må kjøpa boka på nytt for å få selfie med lotehpusen, då lovar det godt, seier Wilhelm Tangerud.

– Og så er det litt kjekt å få ein kjendis hit, for det er han jo. Det er nesten som å få Petter Pilgaard og Vendela Kirsebom på besøk, seier senterleiaren humoristisk.

Han fortel at facebookannonsa om hendinga «har tatt heilt av» og senterleiaren bur seg no på å laga eit eige køsystem for å hindra at det går heilt over styr. Bileta frå tilsvarande happening i Os tyder på at frykta ikkje er heilt ugrunna.

Butikken har måtta ta inn ekstra bestillingar av boka grunna den store etterspurnaden.

– I tillegg er det utruleg kjekt at Finn Tokvam frå Aurland har skrive biografien. Me skal vera litt stolte av at han er sogning og eg håpar verkeleg han får suksess med boka, seier Tangerud.

Til toppen