STORT TRYKK: Senterleiar Wilhelm Tangerud har ikkje hatt ein einaste fridag sidan femte desember. I går var i tillegg ein av dei travlaste.
STORT TRYKK: Senterleiar Wilhelm Tangerud har ikkje hatt ein einaste fridag sidan femte desember. I går var i tillegg ein av dei travlaste. (Halvor Farsund Storvik)

Senterleiaren merka ikkje noko til Black Friday-motstanden

Kjøpesenteret i Sogndal omsette for over 6,8 millionar og sette ny rekord for tredje året på rad.

Sogndal:– Det var ein vanvittig artig og bra dag. Det som har hjelpt oss veldig er at skisesongen starta tidleg. I fjor starta han i midten av desember, mot midten av november i år. Totalt sett har vi hatt ei auke på 20 prosent dei siste tre åra, seier senterleiar Wilhelm Tangerud.

Han har rekna ut at det var 21.544 betalande kundar innom senteret den dagen, det òg ny rekord. 

– Det er ganske sjukt i ein liten kommune 8000 innbyggjarar, seier Tangerud.

Black Friday har blitt den desidert største handledagen i året. I fjor var omsetninga to millionar mindre 22. desember, den nest beste dagen. At det har vakna ei gryande motstand mot kjøpehysteriet denne dagen merkar ikkje senterleiaren mykje til.

På Dampskipkaia same dagen vart det arrangert Grøn Fredag, der folk vart oppmoda om å kjøpa brukt og reparera gamle ting.

– Alle arrangement og all aktivitet er bra for Sogndal generelt. Så får folk gjera som dei vil, om dei vil kjøpa nytt eller brukt. Eg tek det berre som eit supplement og håpar dei òg hadde bra med folk, seier Tangerud.

Til toppen