GOD VEKST: Amfi Sogningen i Sogndal opplever god handelsvekst men er avhengige av folketalsauke.
GOD VEKST: Amfi Sogningen i Sogndal opplever god handelsvekst men er avhengige av folketalsauke. (Foto: Amfi Sogningen/Oscar Andersen )

Senterleiaren ser positivt på framtidas handel: – Men me må veksa i folketal

Fleire handelskjeder i Noreg og i utlandet er i fritt fall men senterleiar ved Amfi Sogningen, Wilhelm Fredrik Tangerud, er ikkje bekymra for Indre Sogn.

Sogndal: – Mange tenkjer at det kjem til å bli med Noreg som i USA men me er langt unna dei tendensane der kjøpesenter legg ned i stor skala. 

Senterleiaren har mange interesserte som vil etablera seg på senteret i Gravensteinsgata.

– Me har fleire leverandørar og butikkjeder som vil koma hit så investeringsviljen hjå entrepenørar, gründerar og kjeder er der fortsatt. Den har eg ikkje sett noko endring på i Sogndal. 

Er avhengige av folketalsutvikling

Han er likevel oppteken av at om Sogndal skal halda fram med vekst i handelen treng bygda endå fleire tilflyttarar. 

– No blir det laga planar for ein folketalsutvikling og det er me veldig positive til for det vil vera bra for handelen i Indre Sogn. Me veks jo lite i folketal men det er det me er mest avhengige av for auking i handel, seier Tangerud. 

Likevel er det nokre kommunar i fylket som har vekst til trass for få innflyttarar. 

– Me ser at Luster og Leikanger held seg stabilt eller så aukar dei til trass for at det ikkje er så stor folketalsutvikling der heller. Fødselsoverskotet er ikkje særleg stort nokre av stadene, folk i fylket må lage fleire born, seier han og ler.

Årdal greier seg bra

Geir Myklebust, arbeidande styreleiar i Balanza Gruppen AS, ser også positivt på handelen i Sogndal. 

– Det er klart at for Indre Sogn er Sogndal ein stad som bremsar i handelslekkasjen. Sogndal er eit viktig handelssenter for bygdene og kommunane rundt. 

Han meiner òg at turisme er viktig for handel i kommunane. 

– Dei kommumane med mykje turisme har ofte god vekst og faktisk har Årdal som ikkje er ein typisk turistkommune eller har høg folketalsutvikling greidd å selja likevel. Dei har utvikla butikksenteret og auka tilboda noko som har ført til at dei har beholdt meir handel i kommunen enn det me vanlegvis ser, seier Myklebust. 

Har trua på at framtida vil bli endå betre

FLINKE Å HANDLA: Folk i Indre Sogn er flinke til å bruka kjøpesenteret i Sogndal. Foto: Amfi Sogningen

Med nye boligar og meir auke i folketal satsar no Tangerud på at handelsveksten i Indre Sogn vil auka endå meir.

– Det er ikkje mykje konkurranse her for det er ikkje mange store kjøpesenter rundt oss. Dei siste fem åra har me opplevd ein enorm utvikling i handel, og med fleire store etableringar som er på veg til oss og nye boligetableringar er eg langt frå bekymra for veksten.

Til toppen