UVISS FRAMTID: Senterpartiet på Leikanger ønskjer at ordførarne i Sogn skal halde fram å styre kvar sin kommune. Frå venstre: ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, ordførar Harald Offerdal i Balestrand og ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune.
UVISS FRAMTID: Senterpartiet på Leikanger ønskjer at ordførarne i Sogn skal halde fram å styre kvar sin kommune. Frå venstre: ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal, ordførar Harald Offerdal i Balestrand og ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Senterpartiet foreslår å avlyse tvangssamanslåing

Som dei varsla før valet har Senterpartiet foreslått å gjere om vedtaket frå Stortinget om tvangssamanslåing av kommunar og fylkeskommunar.

Leikanger: Partiet har no levert to representantforslag om omgjering av vedtaka om tvangssamanslåing frå i vår.

– Vedtaka i juni blei gjort med knappast mogleg fleirtal. Det er behov for at eit nytt Storting med eit endra parlamentarisk grunnlag for regjeringa, får vurdere vedtaka om tvangssamanslåing på nytt, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad og kommunalpolitisk talsperson Heidi Greni.

I forslaga heiter det blant anna at eventuelle kommunesamanslåingar dei neste fire åra utelukkande skal byggje på fri vilje. I tillegg blir det foreslått at dei 31 kommunane som inngjekk i vedtaka om tvangssamanslåing i vår, skal få lov til å søke om omgjering av vedtaket.

Tysdag varsla Senterpartiet på Leikanger at dei vil ha omkamp om storkommunen i Sogn.

– Vi ser no etter valet at det er ei annan samansetting på Stortinget og at det kanskje ikkje er fleirtal for bruk av tvang lengre. Då ønsker vi å ta opp ei sak i kommunestyret her, der vi vil at Stortinget skal gjera eit nytt vedtak der vi ikkje vert tvungne med, seier gruppeleiar i Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Ole Simen Nesdal til NRK.

Til toppen