FRAMLEIS STØRST: Sp er i følgje dei første valdagsmålingane framleis størst i Gulen
FRAMLEIS STØRST: Sp er i følgje dei første valdagsmålingane framleis størst i Gulen (Foto: Vilde Grimelid Oppedal (arkivfoto))

KOMMUNEVALET 2019

Valresultatet er klart: Senterpartiet styrkjer posisjonen i Gulen – aukar med eitt mandat

Valresultatet i Gulen er klart. Sp og ordførar Hallvard Oppedal styrkjer posisjonen, men også Høgre har gjort eit godt val. Les om det endelege resultata nedst i saka.

Gulen: Med 27,1 prosent av stemmene opptalte, ligg Sp an til å få 40,7 prosent av stemmene i Gulen kommune. Det gjev 9 mandat, som i førre valperiode. 

Sitjande ordførar Hallvard Oppedal (Sp) seier at partiet også hadde færre stemmer då førehandsstemmene vart talte i førre val og ventar og ser korleis tala utviklar seg. 

I 2015 fekk partiet litt over 42 prosent av stemmene. 

– Det ser bra ut om me behold våre mandat, seier Oppedal. 

Førebelse tal

Høgre ligg an til å få 30,8 prosent, og kan me det få eitt mandat ekstra, og til saman 6 mandat i det nye kommunestyret. 

Ap ligg an til 18 prosent, noko som også kan gje eitt ekstra mandat, slik at partiet kan få 4 etter valet. 

STEMMER: Valstyret i Gulen var på plass i rådhuset i Eivindvik måndag. Her kjem det inn stemmer. Foto: Bjarte Undertun

KrF får på valdagsmålinga 6,7 prosent og framleis eitt mandag, medan Venstre får 3,8 prosent og eitt mandat. 

Venstre hadde i 2015 tre mandat, men alle representantane forlet partiet tidlegare i år og vart uavhengige representantar. 

Oppedal meiner det er naturleg om nokre av stemmene som gjekk til Venstre i år går til Høgre og Ap. 

– Kjekt med styrkja tillit

Det endelege resultatet i Gulen syner 45,6 prosent til Sp og ein auke frå ni til ti mandat i kommunestyret. Frammøteprosenten i kommunen var 68,7. 

– Eg er veldig nøgd viss dette står seg til finteljinga, seier ordføraren. Eg er veldig glad for at me går opp eit mandat. Det gjorde me førre val òg. Det er kjekt når ein får styrkja tillit som ordførar. 

Han reknar med å sitje trygt som ordførar også i neste periode. 

– Eg reknar med det går an å få tak i den eine personen som skal støtte at eg held fram, seier Oppedal. 

På spørsmål om kva som kan vere årsaka til at partiet gjer det endå betre enn ved førre val, seier Oppedal at han føler han ha gjort ein god jobb dei to periodane han har vore ordførar. I tillegg har partiet hatt ein god trend nasjonalt.

Han trur også vindkraftsaka kan ha slege positivt ut for partiet. 

– Eg har vore veldig tydeleg i saka frå dag éin. Det kan slå begge vegar, men kanskje mest mest positivt. 

Eitt mandat ekstra til Høgre

Ordførarkandidat for Høgre, Ivar Eide, er også nøgd med valresultatet. Partiet går fram 6,8 prosentpoeng og får seks mandat, opp eitt frå fem, i det nye kommunestyret. 

Eide trur framgangen skuldast at partiet har vore meir synleg i denne valkampen.

– Me er veldig nøgde, målet var at me skulle auke oppslutninga. Det har me gjort, seier Eide. 

Ap fekk 15,8 prosent og held fram med tre mandat, KrF fekk 6 prosent og held fram med eitt mandat og Venstre fekk 3,3 prosent og får eitt mandat. 

Til toppen