BRAKVAL: Toppkandidatane var raskt borte for å gratulere Jan Geir Solheim (Sp) med valet. Foto: Ina Eirin Eliassen
BRAKVAL: Toppkandidatane var raskt borte for å gratulere Jan Geir Solheim (Sp) med valet. Foto: Ina Eirin Eliassen

Senterpartiet har aldri vore større i Lærdal 

Med 46,2 prosent oppslutning får dermed Senterpartiet inn åtte representantar i kommunestyret. 

Lærdal: Då det var mange namn og slengarar ved årets kommuneval, kan det framleis kome nokre små endringa. Men det som er klart er at Jan Geir Solheim (Sp) går inn i sin andre periode som ordførar for kommunen, med 46, 2 prosent i oppsluttning.

Dermed slo dei tala frå 2007 med 29 prosent i oppslutting, som fram til måndag kveld var partiets beste resultat. 

– Dette er utruleg moro, men det gir oss også eit større ansvar enn me har hatt før, seier han. 

– Korleis forklarar du dette resultatet?

– Me har ei veldig god liste med folk i alle aldrar. I tillegg har me no drive ansvarleg i fire år, det har vore samarbeidspolitikk og det har vore ein rein valkamp. Det trur eg er til innbyggaranes beste. Partiet har fått prøvd seg skikkeleg i denne perioden, med meg i front, og det tyder på at folk har trua på oss framover. Me har kome oss ut av kriser, der samfunnet skal ha all ære for å ha stått saman. Det var ikkje uventa at Senterpartiet vann, men eg hadde aldri trudd me skulle bli så store, seier Solheim, kort tid etter resultatet var klart. 

Senterpartiet har fått inn åtte representanar i kommunestyret. Solheim seier han hadde vore nøgd med seks representantar. 

– At me skulle få inn åtte kommunestyrerepresentantar er det ingen i dette rommet som hadde trudd, seier han. 

Likevel er ordføraren klar på at det ikkje hadde vore ein fordel for innbyggarane om eitt parti fekk reint fleirtal i kommunen, altså ni kommunestyrerepresentantar. 

Til toppen