PÅ TOPP. Liv Signe Navarsete frå Lærdal er ikkje overraskande plassert på topp på nominasjonslista til Sogn og Fjordane Senterparti i forkant av valet neste år. Aleksander Øren Heen frå Årdal er sett som nummer fire. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
PÅ TOPP. Liv Signe Navarsete frå Lærdal er ikkje overraskande plassert på topp på nominasjonslista til Sogn og Fjordane Senterparti i forkant av valet neste år. Aleksander Øren Heen frå Årdal er sett som nummer fire. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Senterpartiet har Navarsete på topp – Heen på fjerdeplass

Her er det endelege listeforslaget til nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Senterparti.

Fylket: – Eg synest nominasjonsnemnda har fått til eit godt listeframlegg, god balanse mellom ulike kriterier som geografi, alder, kjønn og politisk erfaring. Senterpartiet har som mål å få to på tinget, og dette trur nemnda er den lista som vil sanke flest røyster til Sp, seier leiar for nominasjonsnemnda Karen Marie Hjelmeseter i ei pressemelding.

Lista har tidlegare kommunal- og regionalminister, samt samferdsleminister Liv Signe Navarsete frå Lærdal på topp. Fylkesordførar Jenny Følling frå Gaular er sett på ein andreplass, medan Sigurd Reksnes er sett opp på ein tredjeplass. 

I listeframlegget er Aleksander Øren Heen frå Årdal sett som nummer fire, men Senterungdomens medlem i nemnda, Nikolai Åshamar, er usamd i det og meiner årdølen burde plasserast på ein andreplass. 

Hjelmeseter seier det har vore eit omfattande nominasjonsarbeid denne gongen med mange gode kandidatar. 

– Nemnda har kome fram til ei nær samrøystes innstilling, og det er eg glad for.  Det at me har hatt mange gode kandidatar er eit luksusproblem for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Her er heile lista

  1. Liv Signe Navarsete – Lærdal
  2. Jenny Følling – Gaular
    (Dissens frå Nikolai Åshamar (Senterungdomen) – Aleksander Øren Heen – Senterungdomen / Årdal)
  3. Sigurd Reksnes – Eid
  4. Aleksander Øren Heen – Senterungdomen / Årdal
  5. Gunn Åmdal Mongstad – Solund
  6. Karoline Bjerkeset – Gloppen
  7. Ruben Skrede – Senterungdomen / Jølster
  8. Jofrid Rye Hestenes – Stryn
  9. Kjetil Høgseth Felde – Fjaler
  10. Betty Hessevik – Vågsøy
Til toppen