Aurland: Med berre fintellinga att, er det klart at Senterpartiet gjer eit kjempeval i Aurland og får 45 prosent av stemmene. Framgangen er på heile 18,3 prosent.
– Me såg teikninga tidleg, men eg er overraska over oppslutninga og nokså audmjuk, seier Trygve B. Skjerdal, ordførarkandidaten til Senterpartiet i Aurland.
Skuffa Distad
Senterpartiet doblar talet representantar i kommunestyreret frå fire til åtte. Arbeidarpartiet ligg an til å auka frå fire til fem. MDG landar på to, same som i dag, medan Høgre går 18,8 prosent tilbake, frå seks til to representantar.
– Det er eit skuffande resultat for oss. Det er berre å retta blikket framover til seinare val og gjera me kan med dei mandata me får, seier ordførar Noralv Distad (H), som valde å ikkje stilla til nyval.
Arbeidarpartiet bryt med trenden i landet, og går fram nesten fem prosent.
– Me får halda på fem mandat, så me kan ikkje vera misnøgde med det, seier Leiv Jarle Bergheim i Ap.
Startar forhandlingar
Som i dei fleste andre kommunane vil partia nytta kvelden til å forhandla om å skapa fleirtalskonstellasjonar i kommunestyret.
– Me sit og diskuterer akkurat no, så det torer eg ikkje å spå utfallet av, seier Trygve B. Skjerdal (Sp).