UTJAMNINGSMODELL: Energi er infrastruktur, og til liks med telefon, veg og bane må kostnadene utjamnast mellom forbrukarar i ulike deler av landet, meiner Senterpartiet og krev at regjeringa gjer tiltak som utjamnar nettleiga mellom forbrukarane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UTJAMNINGSMODELL: Energi er infrastruktur, og til liks med telefon, veg og bane må kostnadene utjamnast mellom forbrukarar i ulike deler av landet, meiner Senterpartiet og krev at regjeringa gjer tiltak som utjamnar nettleiga mellom forbrukarane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Senterpartiet krev ei utjamningsordning for nettleiga​

Energi er infrastruktur, og til liks med telefon, veg og bane må kostnadene utjamnast mellom forbrukarar i ulike deler av landet.

Sogn: Setninga er ein del av uttalen som fylkesstyret Senterpartiet i Sogn og Fjordane vedtok før helga. Der krev dei at regjeringa gjer tiltak som utjamnar nettleiga mellom forbrukarane.

Nettleiga er blitt ei heit potet den siste tida etter det blei klart at Sogn og Fjordane er det fylket som produserer nest mest kraft i Noreg, medan innbyggjarane betalar mest.

– Me meiner det er urettferdig at det området i landet som produserer mest fornybar energi og på den måten leverer ei viktig vare til storsamfunnet, skal vere dei som skal ta kostnaden, seier Sp-leiar Sigurd Reksnes til Porten.no.

URETTFERDIG: Leiar i Senterpartiet Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes, meiner dagens fordeling av nettleige er urettferdig.
URETTFERDIG: Leiar i Senterpartiet Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes, meiner dagens fordeling av nettleige er urettferdig.

Urettferdig

I Sogn og Fjordane ligg nettleigeprisane nesten 40 prosent over snittet i resten av landet. For det første kostar det å bu grisgrendt. Me er færre som kan dele på utgiftene. For det andre kostar det å ha ein infrastruktur som kan frakte all straumen me produserer ut av fylket.

– Terje Søviknes (Olje- og energiminister journ. anm.) sa at dette var vanskeleg å gjere noko med. Det er me ikkje samde i. Det er blitt gjort eit ganske bra utgreiingsarbeid no med samarbeidande kraftfylke. Her ligg det ein rapport hjå departementet.

– Problemet er at me bur i eit område der det kostar å få fornybar energi inn på nettet, noko forbrukarane må betale for. Det er der den største uretten ligg. Me meiner me må finna modellar der ein kan jamne ut dette. Det skal ikkje vera slik at ein som kan sjå bort på kraftstasjonen skal betale mest for nettleiga, legg Reksnes til.

DAGSORDEN: Leiar i Høgre Sogn og Fjordane, Vidar Grønnevik, seier ei oppsplitting til større nettselskap vil gjere forskjellane mindre.
DAGSORDEN: Leiar i Høgre Sogn og Fjordane, Vidar Grønnevik, seier ei oppsplitting til større nettselskap vil gjere forskjellane mindre.

Innfører skilje i energibransjen

Leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Vidar Grønnevik, er samd i at dagens modell er lite tenleg med tanke på føremålet han skal tene. 

– Det som er uavklart utad er den faktiske konsekvensen av omlegging av regionalnettet inn mot sentralnettet. Der er det ulik oppfatning blant energiselskapa også. Effekten kan bli 1 øre per kilowatt time i endring i nettleige, og for ein storforbrukar blir det fort nokre millionar som går rett på botnlinja, seier han.

Grønnevik seier Høgre har det på sin dagsorden.

– Det pågår ein prosess med å endre strukturen og splitte selskapa opp i større regionale nettselskap. Det i seg sjølv vil vere med å gjere forskjellane mindre, men det vil ikkje ta dei vekk. Skal ein få bukt med det, må ein inn med regionale nettselskap, men det er ikkje sikkert Sp vil, seier han.

Politisk vilje

Reksnes har eit anna syn.

– I dag går mesteparten av innmatingsavgifta til å drifte sentralnettet, medan lite vert brukt på distribusjonsnettet som lokale selskap har ansvar for. Poenget er at viss det er politisk vilje, er det mogleg å få til. Det er ikkje så komplisert at ein ikkje kan gjere noko, seier han.

I uttalen frå Senterpartiet peikar dei også på at med ei raudgrøn regjering var delar av nettleiga jamna ut med ein post på statsbudsjettet i 2013 som var på 120 millionar. I dag er den på 10 millionar, skriv dei.

– Men sjølv det er «musepiss i havet». 120 millionar er ein del, men lite i den store samanheng. Difor må ein få på plass ein modell som fordeler betre, seier Reksnes.

– Eg er ikkje spesiell fan av den måten å løyse samsunnsoppgåver på. Eg meiner ein heller bør sjå på strukture, og det har me byrja med ved å skape større nettselskap, men også der er det motstand i bransjen, seier Grønnevik.

Til toppen