ALTERNATIV: – Senterpartiet sin sjukehusmilliard til offentlege sjukehus tek høgde for flyktningkrisa, og vil sikre ei meir positiv utvikling for pasientbehandling og lokal beredskap i heile landet, skriv Kjersti Toppe (Sp), stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson i Senterpartiet. Foto: Senterpartiet/ Flickr
meiningar
ALTERNATIV: – Senterpartiet sin sjukehusmilliard til offentlege sjukehus tek høgde for flyktningkrisa, og vil sikre ei meir positiv utvikling for pasientbehandling og lokal beredskap i heile landet, skriv Kjersti Toppe (Sp), stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson i Senterpartiet. Foto: Senterpartiet/ Flickr
meiningar

Senterpartiet med sjukehusmilliard

Les kommentaren av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Senterpartiet.

  • Endret

Senterpartiet foreslår å auke sjukehusbudsjettet for 2016 med ein milliard kroner i forhold til regjeringa sitt forslag. Av desse skal 50 millionar gå til ein auke av MS-behandling i Noreg, 50 millionar skal gå til betre behandling for ruspasientar med Hepatitt C, 100 millionar til fleire turnuslegestillingar og 150 millionar er til helseføretaka sine auka kostnadar til helsehjelp som følgje av at fleire kjem til Noreg og søkjer opphald.

I vårt alternative budsjett foreslår vi totalt 1000 millionar meir til spesialisthelsetenesta. Vi kuttar i regjeringa sitt privatiseringsforslag og brukar pengane på dei offentlege sjukehusa i staden. Slik vil vi styrke pasientbehandlinga, redusere ventetidene og sikre likeverdige helsetilbod.

Fleire stader i landet vert det foreslege eller gjennomført kutt i psykiatritilbod, i ambulansetenesta og på ordinære sengepostar. Vi veit at offentlege sjukehus har til dels store utfordringar med bygningsmasse og gamalt utstyr. Ein betre sjukehusøkonomi er avgjerande for å oppretthalde pasienttilbod, fornye utstyr og forhindre bygningsmessig forfall.

Senterpartiet er også bekymra for sjukehusbudsjettet når KrF og Venstre skal forhandle med regjeringa. I fjor førte forhandlingane til ein reduksjon i sjukehusbudsjettet på omlag 100 millionar. Venstre foreslår i år eit kutt på heile 920 millionar til dei regionale helseføretaka. Får dei gjennomslag vil det gje sjukehusa store utfordringar og garantert føre til eit forverra pasienttilbod.

Regjeringa har heller ikkje justert sjukehusbudsjettet som konsekvens av den store auken i talet på flyktningar, asylsøkjarar og andre som søkjer opphald. Tvert i mot er effektiviseringskravet til sjukehusa auka, og vi er forplikta til å gje naudsynt helsehjelp til alle som oppheld seg i Noreg. Senterpartiet sin sjukehusmilliard til offentlege sjukehus tek høgde for flyktningkrisa, og vil sikre ei meir positiv utvikling for pasientbehandling og lokal beredskap i heile landet.

Til toppen