TOMMEL OPP: Ordførarkandidaten til Senterpartiet, Arnstein Menes, har grunn til å vera nøgd.
TOMMEL OPP: Ordførarkandidaten til Senterpartiet, Arnstein Menes, har grunn til å vera nøgd. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Valvinnaren i Sogndal viste tommelen etter braksiger

Arbeidarpartiet går mest tilbake. Miljøpartiet større enn Frp i debuten.

Sogndal: Etter at alle stemmene stemmene er talde, er det klart at Senterpartiet i Sogndal har gjort eit brakval av dimensjonar.

Heile 43,2 prosent av stemmene har gått til Senterpartiet, opp heile 15,7 prosent frå i 2015.

– Det er klart at me har eit godt håp om at eg no er den nye ordføraren, men no har me ikkje over femti prosent, så me lyt nesten venta å sjå kva som kjem ut av forhandlingane, seier Arnstein Menes (Sp).

Tidlegare på kvelden kalla han oppslutninga for «utruleg».

– Målsettinga var 35 prosent. Alt over det er heilt topp, sa Menes (Sp), då halvparten av stemmene var talde opp.

TUNG DAG: Arbeidarpartiet i Sogndal går kraftig tilbake frå valet for fire år sidan. Foto:  Halvor Farsund Storvik

To største kretsane manglar

Kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal blir slegne saman frå 1. januar 2020. Årets resultat er samanlikna med tal frå dei samla resultata i dei tre kommunane ved førre val.

Arbeidarpartiet er nest største parti. Det er ei fattig trøst, sidan partiet taper 15,1 prosent av stemmene.

– Me hadde nok håpa på noko betre resultat enn dette, sa førstekandidat Kjetil Kvåle (Ap) då halvparten av stemmene var inne.

DEBUTANT: Ståle Loftesnes kom inn i kommunestyret på første forsøk. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Miljøpartiet inne i varmen

– Kva trur du er årsaka til tilbakegangen?

– Du ser det på den nasjonale trenden, Senterpartiet er veldig i støtet for tida. Det er nok den trenden me óg merkar, seier Kvåle.

Miljøpartiet dei grøne er nystifta, og kan skryta på seg nest størst framgang av partia i Sogndal. 3,7 prosent oppslutning betyr at dei får éin representant i kommunestyret.

– Det er mykje meir enn me hadde før me starta partiet, så me er kjempenøgde, det er me, seier førstekandidat Ståle Loftesnes.

SV vil kjempa for varaordføraren

SV går fram 2,8 prosent og vert fjerde største parti med 10,2 prosent.

Jubelen var stor i SV då resultata frå Leikanger og Sogndal sentrum vippa inn ein ekstra kandidat i kommunestyret, slik at dei til saman vert fire.

NØGD: Vibeke Johnsen vil gå i forhandlingar, mellom anna med sikte på å få varaordførarvervet. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Eg er veldig nøgd, og stolt over jobben me har gjort, seier førstekandidat Vibeke Johnsen, som bør ha sterke kort på handa når det skal forhandlast om varaordførarvervet.

– Det er noko me kan tenkja oss, men om det er mogleg, veit me ikkje. Det er det forhandlingane som avgjer. Senterpartiet er den store vinnaren, og kan velja frå øvste hylle, seier Johnsen.

Valvinnar Menes seier partiet vil snakka med alle i forhandlingane.

– Men me satsar nok på at dette er avgjort før me legg oss i natt, seier Menes.

GRATULERT: Grunna eit sterkt val i Sogndal sentrum greidde fjerdekandidat Oddbjørn Bukve å snika seg inn i kommunestyret i siste liten. Foto: Halvor Farsund Storvik

Valresultat i Sogndal

  • Senterpartiet: 43,2 prosent, fram 15,7 prosent.
  • Arbeidarpartiet: 16,1 prosent, tilbake 15,1 prosent
  • Høgre: 12,7 prosent, fram 0,3 prosent
  • SV: 10,2 prosent, fram 2,8 prosent
  • Venstre: 5,4 prosent, tilbake 4,1 prosent
  • KrF: 5,2 prosent, tilbake 0,4 prosent
  • MDG: 3,7 prosent, fram 3,7 prosent
  • Frp: 3,5 prosent, tilbake 2,9 prosent
Til toppen