Senterpartiet om eigen politikk

Senterpartiet om eigen politikk

Bli kjend med kva Årdal Senterparti meiner er viktig for dei neste fire åra.

Alle partia som stiller liste i Årdal har fått sjansen til å fortelja kva dei meiner er viktigast inn mot valet. Det er ordførarkandidaten i kvart av partia som har svara på spørsmåla. 

Kva er den største utfordringa Årdal kommune står overfor dei neste fire åra?

Eg meiner den største utfordringa er at me har hatt ein stor nedgang i folketalet, spesielt dei siste fire åra, der me har blitt 194 færre årdøler, og det er ganske dramatiske tal. Det er nok eit tema som fortener ein større plass i politisk diskusjon enn det me har sett til no. Folketal er viktig fordi det gir grunnlag for inntektene til kommunen og kva tilbod me kan gi til innbyggarane i kommunen. Eg er heilt sikker på at det er noko me må bruka mykje tid på i neste periode, å få stabilisert og auka folketalet.

Kva vil ditt parti gjera med det?

Det er fleire ting som avgjer om folk blir buande eller om dei flyttar til ein plass. Det er fleire faktorar, og det eine er arbeidsplassar, men det må også vera ein attraktiv kommune der barnehagar og skular held ein kvalitet som er interessant å flytta til. Dette heng ihop med kva tilbod ein kan oppretthalde viss folketalet blir for lite, så eg trur på å satsa og utvikla dei to sentrum me har; gjera begge attraktive både for butikkar og folk er viktig, for viss Årdal skal veksa, treng me begge sentrum. Det er ikkje plass til alle innbyggarane i Årdal i Øvre eller på Tangen, så me er nøydd til å ha to sentrum med kanskje variert tilbod som kan utfylla kvarandre.

Kva vil ditt parti gjennomføra av investeringar?

Med den økonomiske situasjonen me er i no, og har vore i, meiner eg det er feil av oss som politikarar å lova nokre store investeringar i neste fireårsperiode. Eg trur heller me må vedlikehalde det me har for å forhindra at anlegg og bygg forfell og at dei held den kvaliteten dei skal ha. Og så har me ein noko pressa situasjon på sjukeheimsplassar, men framskrivinga i folketalet tilseier ikkje ein auke i den aldersgruppa som me veit brukar mest sjukeheimsplassar, så viss me i neste periode klarar å løysa det innanfor eksisterande bygningsmasse, trur eg det vil vera klokt for økonomien sin del. 

Kva vil ditt parti gjera for å sørgja for utvikling og busetting i alle bygdene i Årdal kommune?

Då trur eg me må vera så ærlege å seia at me har to sentrum i Årdal, og så er det bustadbygder det som ligg rundt, og dei lever litt sitt eige liv, men i dei utkantbygdene er det viktig at ein har breiband tilgjengeleg. Det er ei forutseting i dag for at folk skal bu og kanskje starta si eiga bedrift. Når det gjeld dei to sentrumsområda, har det vore ein veldig negativ utvikling på Tangen og ein veldig positiv utvikling i Øvre dei siste fire åra. Men eg trur me som politikarar må ta ein diskusjon på kva me ønskjer på dei ulike plassane. Slik det er blitt no er handel lokalisert i Øvre, og det er mulig det er rett, og ein skal kanskje forsterka den effekten, men eg ønskjer at det skal vera ei bevisst tenking rundt det som innbyggarane gjer seg opp ei meining om, der me har ein prosess der me inviterer innbyggarane til å seia kva dei meiner om korleis Årdal skal sjå ut.

Og så må me ha ein diskusjon om kva som er naturleg å leggja på Tangen. Eg trur me kunne ha satsa meir på å hatt det offentlege tenestetilbodet der for å halde liv i sentrum, og så kunne ein hatt handelsdelen i Øvre. Då kunne ein oppretthalde eit visst nivå av handel på Tangen fordi du hadde hatt ein gjennomgangstrafikk som forsvarte det. 

Kva meiner ditt parti om kommunereforma, kva alternativ passar Årdal best, og korleis stiller de dykk til folkerøysting?

Eg meiner reforma som regjeringa har starta er heilt feil. Ho er ute og køyrer når dei startar i den enden dei gjer. Dei pålegg kommunane, på eit noko sviktande grunnlag rett nok, å gjennomføra mykje utgreiingar, og så vil den same regjeringa ikkje seia kva kommunane skal driva med i framtida. Då blir det veldig vanskelig for oss som kommune å vurdera kven me passar ilag med eller om me passar best for oss sjølv, når me ikkje veit kva oppgåver me skal løysa. Viss ein legg dagens oppgåver til grunn, meiner eg Årdal står seg godt i framtida som eigen kommune.

Igjen er dette med oppgåver, men så kan me vera realistar og sjå på befolkingsgrunnlaget.  Viss me slår oss i saman med Lærdal og Aurland, som er eit alternativ, blir me i underkant av 10.000 innbyggarar og framleis som ein liten kommune å rekna, der eg trur innbyggarane i Årdal ikkje vil tena noko på ei slik samanslåing. Då tenker eg spesielt på tenestetilbodet fordi me ikkje er store nok til å ta på oss nye oppgåver. Og så er det eit anna alternativ, og det er heile Sogn. Det er litt uklart kor ein set yttergrensa, men ein har iallfall begge sider av fjorden. Det tenker eg er eit meir interessant spørsmål å drøfta viss ein først skal inn på kommunesamanslåing fordi då får du ein kommune som er så stor at han kanskje kan ta på seg nye oppgåver. Eg meiner oppgåvestrukturen som er i dag er fornuftig, at det er primæroppgåver som bør liggja nær folk. Så eg vil behalde dagens kommunestruktur. Det er mitt primærønske, og blir me tvinga, må me sjølvsagt diskutera.

Det er heilt openbert at det er innbyggarane i Årdal som skal avgjera kommunestrukturen, men eg som ordførarkandidat og som førstekandidat i Sp meiner Årdal står seg best åleine. Det er Årdal Sp sitt standpunkt. 

Korleis kan de som politikarar bidra til år rekruttera kompetanse til kommunen?

Då må kommunen visa seg fram, og det føler eg kommunen gjer i altfor liten grad i dag. Det finst mange arenaer der kommunen bør vera, og etter mi meining skal vera. Me har til og med kommunestyrevedtak på at kommunen skal vera representert på til dømes Framtidsfylkets karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim. Årdal kommune har ikkje vore flinke til å nytta dei høva. Og det er ein viktig arena fordi der møter du årdøler og andre som er ute og tek utdanning, og det å oppretta ein dialog der for kva som er arbeidsmarknaden og moglegheitene, trur eg er veldig viktig. Der trur eg at eg vil skilja meg som ordførar i forhold til sitjande fordi eg trur eg vil bruka mykje tid ute og selja kommunen uttad.

Korleis skal de få unge til å bli og andre til flytta til kommunen?

Dette heng saman med at me har sentrumsområde som er attraktive, at me har arbeidsplassar og eit godt tenestetilbod.

I Årdal er det tradisjon for to av alt; har kommunen råd til det og kor kan ein spara pengar?

Eg meiner at to av alt er det eigentleg ikkje lenger. Me har to skular og fem barnehagar. Det er på ein måte det som er igjen, og i år har me to friluftsbad. Når det gjeld skule, som kanskje er det mest aktuelle å diskutera i valkampen, så er eg veldig klar. Der meiner eg me må ha to 1-10-skular i bygda. Det har både med økonomi å gjera, men også kva resultat dei skulane leverer. Skulen i Årdal leverer veldig gode resultat, og det trur eg heng saman med klassestorleiken og dei ressursane me puttar inn. For elevane sin del er det fornuftig å oppretthalde den strukturen.

Kva kan ditt parti gjera for å bidra til å sikra industri og næringsliv i Årdal?

Eg meiner me må føra ein meir aktiv næringspolitikk inn mot eksisterande bedrifter, og då tenkjer eg kanskje ikkje på dei to største me har, men dei underleverandørane som er i bygda, som har vore veldig knytta til Hydro og aluminiumsproduksjon spesielt. Eg trur ein må få til ei klyngetenking der desse får lov å spela ilag og kanskje utvikla seg inn på nye marknader med base i Årdal. Då kan du kanskje få nye arbeidsplassar i Årdal, og du gir dei bedriftene fleire føter å stå på, og det trur eg vil vera viktig framover. Då er det næringslivet sjølv som må gjera ein del av den jobben, men Årdal kommune må vera flinkare til å initiera dei prosessane.

Kva vil ditt parti gjera for å sikra eit vidaregåande skuletilbod i Årdal?

Det er eit spørsmål som eg er glad for å få som senterpartist fordi me er eit av dei få partia som går til val på at me skal oppretthalde dei vidaregåande skulane me har i fylket. Eg stiller sjølv som tredjekandidat på fylkestinglista og kjem til å jobba knallhardt for at Årdal skal ha ein vidaregåande skule i framtida. Det meiner eg det er grunnlag for, og eg meiner den bør bestå. Dei leverer gode resultat på fleire område. 

Kva vil de gjera for dei eldre og menneske med spesielle behov?

Senterpartiet meiner at dei eldre bør få bu lengst mogleg heime, dei som ønsker det. Eg trur fleire og fleire ønsker det. Då handlar det både om tilrettelegging i heimen og i bustaden til dei eldre. Det handlar om å auka bruken av velferdsteknologi som gjer det mogleg å bu heime sjølv om du har litt vanskeligheiter med førlegheit eller sjukdommar, og me må ha ei heimeteneste som har dei ressursane dei trenger. Når det gjeld institusjonar, altså sjukeheimsplassar, er det noko pressa i dag, så der har me ei løpande vurdering av korleis me skal løysa det, men eg håpar me skal klara å løysa det innan eksisterande bygningsmasse. 

Kva meiner ditt parti om satsinga på reiseliv og andre område for Årdals del?

Eg meiner det er kjempeflott at det no er ei satsing på reiseliv. Det er noko Årdal Senterparti har snakka om i veldig mange år utan å få noko som helst gehøyr for det fordi det har vore industrien som skal satsast på i Årdal og berre det. No er me så heldige at me har fått inn nokre aktørar som satsar nærast på trass av kva kommunen har gjort, og så kjem kommunen springande etterpå og heiar desse fram, og det er sjølvsagt bra, men det har ikkje vore noko bevisst strategi slik eg tolkar det iallfall. Ein ser ei bevisst satsing på reiseliv, og det er trendar innanfor reiseliv som gjer Årdal til ein meir attraktiv plass, dette med opplevingar og å ta i bruk naturen på ein litt annleis måte enn før, gir oss nokre fortrinn som me må bli flinkare å utnytta.

Kva kan de som politikarar gjera for å sikre busetjing og integrering av flyktingar? 

Eg meiner me har eit stort potensiale når det gjeld både busetjing og integrering. Viss me skal ta del i den befolkningsauken som er i Noreg, må me ta del i den dugnaden det er å busetja flyktningar også. I kommunestyret, når me diskuterte busetjing av flyktningar frå Syria, meinte Senterpartiet at det var naturleg at me auka tal som me tek imot, men at me ikkje skulle låse oss til Syria, men at me òg tek imot dei som er på asylmottak i dag. Det tenker eg er veldig naturleg i ein kommune som Årdal, som har eit asylmottak. Dei som har vore her i kommunen og kjenner den, vil vera lettare å integrera enn viss ein skal henta folk utanfrå, så eg ønskjer at kommunen samarbeidar betre med asylmottaket, og når dei får opphald dei som er her, at me får integrert dei på best mogleg måte. 

Til toppen