UMOGLEG: Det vil vera politisk umogleg å tvinga mange nei-kommunar til samanslåing like før valet neste år, meiner Senterpartiet.​ Foto: Flickr/Senterpartiet.
UMOGLEG: Det vil vera politisk umogleg å tvinga mange nei-kommunar til samanslåing like før valet neste år, meiner Senterpartiet.​ Foto: Flickr/Senterpartiet.

Senterpartiet: Sanner bør avlyse kommunekart-teikning

Det vil vera politisk umogleg å tvinga mange nei-kommunar til samanslåing like før valet neste år, meiner Senterpartiet.

Indre Sogn: Kommunalministeren bør difor gje fylkesmennene beskjed om at dei ikkje skal teikna opp eit kommunekart likevel. Det er å kasta bort tida, ifølgje Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Dei bør få beskjed om å leggja vekk heile ideen og heller lytta til den lokale folkeviljen, sa Vedum då Senterpartiet tysdag heldt pressetreff for å summera opp det siste halvåret.

Denne veka møter kommunalminister Jan Tore Sanner alle fylkesmennene i landet til ein konferanse. Eit sentralt tema blir strategi og framdrift i prosessen med kommunereforma. Det vil vera eit godt høve for Sanner å avlysa heile prosessen med kartteikning, ifølgje Vedum.

126 nei

Ei rekkje kommunar har i vår halde folkeavstemmingar om samanslåingar, men desse er ikkje bindande. Dei skal berre brukast som eitt av fleire råd når kommunestyra tek avgjerdene sine.

Til slutt er det opp til Stortinget. Der vil politikarane støtte seg på råd frå fylkesmennene i landet, som allereie er i full gang med å teikna eigne kart over kva kommunar i fylket dei meiner bør slåast saman.

Ifølgje ei oversikt Senterpartiet har utarbeidd, har avstemmingane fått klart nei i 126 kommunar. 33 har stemt ja, medan 27 anten er splitta eller har fått eit resultat som gjer det vanskeleg å peika ut eit klart alternativ.

– Umogleg rett før valet

Vedum meiner regjeringa må vera ærlege og innsjå at det store biletet viser sterk lokal motstand.

– Då må dei bruke pisk i stor stil i fylke etter fylke. Det vil bli masse bråk i heile haust, og eg trur det kan bli nye folkeavstemmingar som reine markeringar, seier Vedum.

– Så blir det lagt opp til ein tvangsproposisjon i Stortinget til våren. Eg trur det politisk er heilt umogleg å køyra over folkeviljen i kommune etter kommune tre månader før eit stortingsval. Difor er det betre at regjeringa no seier stopp, seier han.

Vil reversera tvang

Senterpartiet har løfta seg til å liggja jamt på 6,1 prosent på gjennomsnittsmålingane i vår. I partiet er dei nøgde med «mykje trykk og mykje aktivitet» om dagen.

Parlamentarisk leiar Marit Arnstad meiner oppslutnaden åleine kjem av motstand mot kommunereforma. Men motstand mot sentralisering var det soleklart berande elementet då partiet summerte opp før sommaren. Regjeringa er berre oppteken av stordrift og sentralisering, uansett om det gjeld politiet, skattekontor, Nav, sjukehus eller kommunane, lyder kritikken.

Vedum varslar at Senterpartiet vil svara med ei desentraliseringsreform dersom partiet skulle koma i regjering neste haust. Tvangssamanslåing av kommunar vil bli reversert, seier han.

– Det vil vera lett fordi vedtaka vil koma i mai-juni, og då er det i praksis ingenting som er gjort før vi kjem i regjering – om det blir slik at vi kjem i posisjon, seier han. (©NPK)

Til toppen