GODT RESULTAT: Om ein samanliknar årets resultat med førre stortingsval i 2013, er det Senterpartiet som går mest fram, noko leiar Emma Berge Ness i Senterungdommen gler seg over.

GODT RESULTAT: Om ein samanliknar årets resultat med førre stortingsval i 2013, er det Senterpartiet som går mest fram, noko leiar Emma Berge Ness i Senterungdommen gler seg over. (Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Stortingsvalet 2017

Senterungdommen gler seg over gode resultat i skulevalet

Senterungdomen tolkar resultata som at ungdommen ønskjer eit nytt raudgrønt fleirtal.

Årdal: Om ein samanliknar årets resultat med førre stortingsval i 2013, er det Senterpartiet som går mest fram, medan Høgre går mest tilbake i årets skuleval.

Senterungdommen meiner dei har vore ei tydeleg røyst mot sentraliseringspolitikken til den blåblå regjeringa. 

– Eg meiner det er framtidsretta å stå opp mot ein politikk som tek samfunnet i ein retning me ikkje ønskjer. Det er òg positivt å ha tru på dagens kommunar og lokalsamfunn.

– Resultata viser at mange unge i fylket er opptekne av dei same tinga som me er. Me vil ha samfunn som bygger på nærleik, tillit og tryggleik. Det er på tide at desse verdiane vert tekne på alvor, seier fylkesleiar Emma Berge Ness i ei pressemelding.

Sjølv om det er kjekt med eit godt resultat i skulevalet, er det først på måndag det gjeld. 

Ungdomskandidat Aleksander Øren Heen er på lik linje med fylkesleiaren glad for det gode resultatet.

– Me er glad for at det er eit tydeleg ønske om skifte og at det er klart raudgrønt fleirtal. Me veldig nøgd at me vann på mange skular og merkar oss rundt om på skulane at folk er oppteken av det same som dei vaksne, og at sentralisering må ta slutt. Me må ha eit sterkt Senterparti etter valet 11. september, seier han.

Til toppen