SAMLING: Aleksander Øren Heen tok turen til Jotnavåken då sentralstyret til senterungdommen var samla. Foto: Kaja Nygård
SAMLING: Aleksander Øren Heen tok turen til Jotnavåken då sentralstyret til senterungdommen var samla. Foto: Kaja Nygård

Senterungdommen samla i Årdal

Sentralstyret til Senterungdommen valte Årdal då dei skulle ha samling i helga. 

 

Årdal: I helga samlast sentralstyre til Senterungdommen. Representantar frå heile landet møttes på Jotnavåken for ei helg med politikk og hygge. 

Senterungdommen er Senterpartiets Ungdomsorganisasjon. Dei har mange aktive medlemar som engasjerer seg i politikken. 

- Me planleggjer året som kjem og set i gang arbeidet vårt, fortel Erling Laugsand, som er ein av medlemane i senterungdommen og leiar av sentralstyret.

Han legg til at dette også er ei fin samling for å bli betre kjent med kvarandre. Dei brukar helga på å læra av kvarandre og diskutere sin politikk. 

Dei pleier å variere kvar i landet dei har samlingane sine, då det er ulike politiske utfordringar rundt om i fylka. Denne gongen vart møtet lagt til Sogn og Fjordane. 

- Me valte Årdal då dei hadde eit utruleg bra val i år. Senterpartiet har jobba godt over lang tid, og det er mest truleg grunnen til det gode valet, seier Laugsand. Han fortel vidare at det er lærerikt å høyre korleis dei klarte å oppnå eit så godt resultat. 

- Det er viktig at me reiser rundt for å lære og få innblikk i lokalsaker, seier Laugsand. Han legg til at Sogn og Fjordane er blitt ramma hardt av regjeringa si sentraliseringsreform. 

Laugsand fortel at Senterungdommen er opptatt av kommunesamanslåing. Då dette handlar om nærmiljøet til ungdommen. 

Heen tok turen 

Laurdag tok Aleksander Øren Heen turen opp på Jotnavåken, for å fortelje om korleis partiet har jobba dei siste åra. Heen blir definert som senterungdom, sjølv om han er partimann. Han er ein motivator for Senterungdommen. 

- Me har hatt stor framgang dei siste åra og eg vil bringa vidare erfaringane til resten av Senterungdommen, seier Heen. 

Senterungdommen synes det var stor stas å ha Aleksander Øren Heen på besøk. Dei lytta når han fortalte om korleis partiet har jobba dei siste 4 åra fram mot valet. 

- Me har hatt stor framgang, og valet i Årdal vekte stor nasjonal oppsikt, fortel Heen. Han fortel vidare at i Sogn og Fjordane er den Vidaregåande Skule-debatten viktig. Dette er ei sak som engasjerer ungdommen.

Trass dårleg vêr på fjellet var det god stemning i hytta på Jotnavåken. Dei var nøgde med samlinga så langt og var samde om at desse samlingane er lærerike. Eit stort pluss var å få Heen på besøk. 

 

Til toppen