- KUNSTIG LÅG: 173 kraftkommunar har gått glipp av 400 millionar kroner grunna kunstig låg eigedomsskatt på verker og bruk, ifølgje Sp.
- KUNSTIG LÅG: 173 kraftkommunar har gått glipp av 400 millionar kroner grunna kunstig låg eigedomsskatt på verker og bruk, ifølgje Sp. (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Sentralisering også av kraftinntekter

Kommunane har betre økonomi enn på lenge, dei har ikkje noko å frykte når Frp no vil fjerne eigedomsskatt på verk og bruk, var meldinga frå statssekretær Elnar Remi Holmen (FrP) i Olje- og energidepartementet til dei 173 kraftkommunane som til saman alt har tapt nesten 400 millionar på at regjeringa vil halde eigedomsskatten på kraftverk kunstig låg.

SENTRALISERING: Ivar Kvalen (Sp), ordførar i Luster, er ein av to artikkelforfattarar som syng ut si meining om korleis regjeringa har handsama saka om eigedomsskatt på verker og bruk og kapitaliseringsrenta
SENTRALISERING: Ivar Kvalen (Sp), ordførar i Luster, er ein av to artikkelforfattarar som syng ut si meining om korleis regjeringa har handsama saka om eigedomsskatt på verker og bruk og kapitaliseringsrenta Foto: Arkiv

Regjeringa vil altså ikkje innfri kravet frå dei 173 vasskraftkommunane om ei meir rettvis utrekning av eigedomsskatten for kraftverk. Og i tillegg vil Frp fjerne heile eigedomsskatten på verk og bruk. Konsekvensen er at store summar blir flytta frå distriktskommunar til staten og kommunar i sentrale strok.

Som kompensasjon for dei store evigvarande naturinngrepa og for å få ta del i verdiskapinga i vasskraftverka, får vasskraftkommunane skattar, avgifter og konsesjonskraft frå kraftselskapa. Kraftanlegga er oftast eigde av staten eller bykommunar i sentrale strok.

Kraftkommunane må finna seg i at straumprisen går opp og ned og at kraftinntektene varierer. Derimot finn ikkje kraftkommunane seg i at staten held eigedomsskatten for kraftverk kunstig låg, til fordel for kraftselskapa og med endå større tap for kraftkommunane enn fallet i straumprisen skulle tilseia.

Ein viktig faktor i utrekninga av eigedomsskatten er den såkalla kapitaliseringsrenta som blir fastsett av staten. Di høgare renta er, di mindre betaler kraftselskapa i eigedomsskatt. Renta har stått fast på 4,5 prosent sidan 2011 trass i eit rentefall på 1,5 prosent. Stortingsfleirtalet bad i fjor haust regjeringa setja ned renta, men regjeringa har ikkje gjort noko.

På landsmøtet til Landssamanslutninga av vasskraftkommunar 25. august der me var til stades, gjorde statssekretær i olje- og energidepartementet Elnar Remi Holmen (Frp) det heilt klart at regjeringa ikkje kom til å setja ned renta, og han stadfeste såleis finansminister Siv Jensen sin uvilje mot å gjera noko med saka.

Ivar Kvalen, ordførar (Sp) og Marit Aakre Tennø, varaordførar (Sp)

Til toppen