BEKYMRA: Aleksander Øren Heen (Sp) fryktar Sogn og Fjordane kjem dårleg ut i dei mange reformane fjordfylket står oppi. Arkivfoto: Truls Sylvarnes
BEKYMRA: Aleksander Øren Heen (Sp) fryktar Sogn og Fjordane kjem dårleg ut i dei mange reformane fjordfylket står oppi. Arkivfoto: Truls Sylvarnes

– Sentralisering på alle frontar

Sogn og Fjordane kan bli del av ein stor vestlandsregion, Høgskulen i Sogn og Fjordane har gått inn i Høgskulen på Vestlandet og regjeringa slengjer pisken over kommunar som blir ståande ufriviljug åleine. Aleksander Øren Heen (SP) er bekymra.  

Årdal/Sogndal: – Å samla heile vestlandet blir voldsamt. Det blir store reiseavstandar og mindre makt til Sogn og Fjordane. Bergen og Stavanger kjem til å sitja med makta. Me får enno meir sentralisering. Til dømes er vegnettet her i fylket vesentleg meir utfordrande enn i Rogaland og kostar såleis mykje. Eg føler meg ikkje trygg på at det blir prioritert, seier Øren Heen.

Fylkestinget har vald å gå i forhandlingar med Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland om ein vestlandsregion. 19 fylker skal bli til ti regionar, og ein temmeleg stor del av denne "slankeoperasjonen" får ein på vestlandet om fire fylker går i hop.

– Frykt for å bli sitjande åleine

– Hadde ein fått mange nye oppgåver i ein ny region, ville det for så vidt ha vore greitt. Stortinget handsama regionmeldinga før sommaren og det er veldig tynne greier - ein får tilførd lite oppgåver frå sentralt hald.  

– Fylkestinget vedtok forhandlingar med dei andre fylka, berre Senterpartiet stemde mot. Kvifor eit så klart fleirtal om konsekvensane blir såpass store som du førespeglar?

– Eg trur mange fryktar å bli sitjande att åleine. Det er jo ein forhandlingsstrategi som regjeringa brukar. Kom med oppgåvene – direktoratsoppgåver og andre ting – så skal me heller sjå.

Ein annan ting Øren Heen reagerer på med reforma er tidsaspektet. 

– Dette skal vera klart rundt juletider. Å kasta fylkeskommunane på båten på eitt år er lite tid. Så skulle det i utgangspunktet gå enno kjappare med kommunane. 

– "EU-effekt"

Men fristen for kommunesamanslåingar vart skyvd på. Eigentleg gjekk fristen ut 30.juni, altså i førre veke, men den er no utsett til ut året.

Trass i at reformen har vore omtala som heller mislukka fordi få kommunar vil slå seg saman, vil 1,1 millionar nordmenn få ny kommune ettersom 69 kommunar til no har vedteke samanslåing. Desse skal bli til 29, skriv VG.

– Senterpartiet går fram i desse tider. Det er sentralisering innan utdanning, politi, rettsvesen, kommunar og fylke. Me har tru på gode lokalsamfunn der dei styrande sit nært folket. Det blir nesten ein EU-effekt. Og det skjer fordi me ser at distrikts-Noreg blir taparen, at ein mistar den eine funksjonen etter den andre.

– Synd, men spennande å sjå kva ein får ut av det

Og det ferskaste, store "fusjonsvedtaket" er samanslåinga av høgskulane i Sogn og Fjordane, Stord/Haugesund og Bergen til Høgskulen på Vestlandet.

FUSJONERTE: Høgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av Høgskulen på Vestlandet. Arkiv
FUSJONERTE: Høgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av Høgskulen på Vestlandet. Arkiv

– Det er synd at det vart fusjon. Men det blir spennande å sjå no når vedtaket er gjort kva ein får ut av det for Sogn og Fjordane sin del. Det er nok ei reform som flyttar veldig mange viktige avgjersler frå fylket. Me har hatt ein høgskule som har levert mykje det næringslivet vil ha. Ein høgskule som har tilpassa seg. Ein høgskule i vekst og som er populær. Då burde den kunne styra seg sjølv. 

– Mykje av frykta var jo at Høgskulen i Sogn og Fjordane skulle bli ein "bachelorskule" om ein vart ståande åleine. Er det ikkje då eit poeng å gå inn i ei større eining som truleg gir fleire slike utdanningar når næringslivet trass alt ønskjer master- og phd-utdanna?

– Det er klart det ville bli ei kjempeutfordring for lærarutdanninga, innrømmer Øren Heen.

– Blir lærarutdanninga plutseleg betre av å fusjonera?

For regjeringa innfører femårig masterutdanning for alle grunnskulelærarar frå hausten 2017. Fordi ein ikkje har hatt eige doktorgradsprogram innan lærerutdanninga ved HiSF har ein måtte gjennom ein godkjenningsprosedyre som truleg ville bli meir utfordrande å passera for ein liten høgskule.

Ved fusjon kjem ein unna dette godkjenningskravet fordi Høgskulen i Bergen har doktorgradsprogram.

– Om ein går saman med Bergen på papiret; vil då plutseleg lærarutdanninga i Sogn og Fjordane bli betre? spør Øren Heen seg.

– Korleis trur du Sogn og Fjordane ser ut som kunnskapsfylke om ti år no når det blir samanslåing kontra korleis det ville ha sett ut utan samanslåing?

– Det er eit godt spørsmål. Viss me mistar studieplassar, vil det gå utover kvaliteten. Eg trur og håpar ikkje at det skjer. Målet mitt er ikkje å døma dette nord og ned. Men ein skal ha med seg nokre apropos rundt det.

 

 

Til toppen