Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.
Slik er den daglege pendlar-ruta til ordføraren: – Må ofte avslutte møte for tidleg for å komma heim til skapleg tid
Rasfare, trange svingar og lange ventetidar på ferja har blitt ein del av kvardagen til ordførar i Sogndal kommune Arnstein Menes etter samanslåinga mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Det håpar han å kunne gjere noko med.
– Kjenner det du på at det er ekkelt å køyre her?
– Det er nokre registrerte raspunkt på vegen. Der hender det at det ligg småsteinar i innersvingen. Då har du to val. Møter du nokon, er du ferdig. Køyrer du på steinen, øydelegger du bilen din, svarar ordføraren.
Les heile saka her.
– Eg tenkte: Så lenge flyet ikkje dett ned no, så kan me gje laget
Hasteinkallingar, usikre koronatestar og eit naudlandslag i full fyr og flamme. Truleg vi det ta tid før sogningane Terje Skjeldestad og Geir Inge Heggestad forstår kva dei nettopp har vore med på.

– Eg trur nok ingen av oss heilt skjønte kor stort dette faktisk var, seier Terje Skjeldestad.
Som ein del av trenarteamet til Leif Gunnar Smerud vart han vitne til eit eksplosivt «naudlandslag» som gjekk rett i strupen på Austerrike. Med seg i bagasjen fekk dei også hyllesten frå ein heil nasjon, og eit minne for livet.
Les heile saka her.
Sentralisering, meiner brannsjefen. Betre tenester, kontrar politibetjent.
I 2015 kom nærpolitireforma. Ambisjonane var store. Alt skulle bli betre. Folk skulle bli tryggare. Men me sit att me langt færre politikontor i distriktet. Og no går det mot samlokalisering også for politikontora i Årdal, Lærdal og Aurland.

Området som beredskapstenesta innan politiet i Aurland, Lærdal og Årdal skal dekka til ei kvar tid, er nesten 4000 kvadratkilometer stort når ein reknar både land og vatn.
Avstandane er store. Personane er få. Totalt er det sju personar i politiet som dekker vakt og beredskap, og dei er to på vakt til ei kvar tid.
Les heile saka her.
Alf Einar forlét Tangen og Norsun for Øvre og Sitep: – Godt tatt i mot
På Sitep sine lokale i Øvre har det kome ein ny mann inn dørene.

Det er med blanda kjensler Alf Einar Karlsen forlét industrilokala på Tangen til fordel for kontorlandskapet i Øvre.
– Det er først og fremst litt sårt. Eg var med frå starten av der nede. På den andre sida er moglegheitene for å få nye oppgåver. Det var óg freistande å komme tilbake til eit gammalt fagfelt, seier Karlsen.
Les heile saka her.
På ni månadarar totalrenoverte dei bustaden. Sjå korleis det ser ut no.
Bustaden er moderne, stor og luftig. Gjennom dei store glasa i stova har ein panoramautsikt utover fjorden og høge fjell.

Mykje har skjedd sidan Kristin Veheim (26) og Jørgen O. Hæreid (23) overtok bustaden i november 2018.
Det var ettermiddagssola, den fine utsikta og kort avstand til venner som lokka dei til Tippen på Årdalstangen.
Les saka og sjå stor bildeserie her.