SENTRALISERING: Klingenberg meinar det er på tide å ta oppatt kampen om fødetilbodet på Lærdal sjukehus.
SENTRALISERING: Klingenberg meinar det er på tide å ta oppatt kampen om fødetilbodet på Lærdal sjukehus. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Sentraliseringa i Helse Førde: – Det er me som får svi for dei store investeringane dei gjer

Trude Klingenberg, fylkesstyremedlem i Senterkvinnene Sogn og Fjordane og kommunestyrerepresentant for Årdal Sp, er kritisk til at tenestetilboda forsvinn frå Indre Sogn.

Sentraliseringsreformer dreiar seg bokstaveleg talt om å fjerne tenester nær folk. Som sogning synest eg det er urett å sitje å sjå at tenestetilboda forsvinn frå regionen og kommunane våre! 

Fødetilbodet i Lærdal, gynekologisk, og eg er heller ikkje imponert over den nye ambulansekabalen som no skal leggjast på ny, for eg ser kvar vegen bær. Den bær mot utryggheit!

Klingenberg: – Kva har me sogningar å seie i prosessen?

Eg må seie meg særs usamd i vedtaket om utbygginga av sentralsjukehuset i Førde. At det treng ei oppgradering er eg ikkje i tvil om. Pengesummen får folk til å reagere, men kva har me sogningar å seie i denne prosessen?

Me som driv spleiselag for å halde oppe eit tenestetilbod. Det er urett! Det er me som får svi for dei store investeringane som Helse Førde gjer. 

Økonomi er ikkje mitt felt, men eg skjønnar at når større økonomiske kostnader skal gjerast, så må noko anna nedprioriterast, eller løysast på ein billegare måte.

Eg meina tidspunktet for ei slik investering er feil. Sogn og Fjordane står ovanfor store utfordringar, som resten av landet. Med dette meina eg at folketalet er på veg nedover. Dette er ei stor bekymring som faktisk må takast på alvor.

Stor sjanse for å føda i ambulansen

Klart er det mange grunnar til at folketalet går ned, men eg trur også det dreiar seg om tryggleik. Tryggleik til ein trygg fødsel. For oss sogningar er sjansen stor for at me føda i ambulansen til Førde.

Men med den nye ambulansekabalen er det vel eit spørsmål om me får ein ambulanse med blålys å føde i? Dette er langt frå tryggleik, og langt frå det som vart lova då fødetilbodet i Lærdal vart lagt ned. Då skulle ambulansetjenesta styrkast.

Folk i distrikta fødar flest ungar, og det er vel ei bekymring når også desse tala går nedover?

Det er på tide å få opp auga, og sjå konsekvensar som store investeringar er med å lage.

Trude Klingenberg

Eg meina det er på tide å ta oppatt kampen om fødetilbod i Lærdal.

Dette er også ei investering. Ei investering i distrikta. Ei investering i tryggleik. For tryggleik er noko av det viktigaste eit menneske treng. Det må bli lagt godt tilrette for å føde ungar. For under ein fødsel kan alt skje. Både med mor og barn. Og for sogningar er reisa til Førde for lang.

Helse Førde må ta eit ansvar. Det dreiar seg om korleis pengane blir forvalte og prioritert i helseforetaket vårt!

Helse Førde, Helse Vest og regjeringa står til ansvar å få opp folketalet. Då må faktisk tryggleiken til å føle seg trygg under ein fødsel prioriterast!

Til toppen