Årdalstangen: Tettstaden vil meir enn doble innbyggjartalet sitt i nokre timar når dei to ungdomsidola entrar scena i det som allereie er eit historisk arrangement i Målrock-samanheng.
For første gong i historia er eit Målrock-arrangement utseld, og om lag 3500 store og små er venta å innta bygda denne dagen. Det byr på praktiske utfordringar.
– Mange av desse kjem frå ulike stader i fylket, så me vil oppmode sterkt om at folk nyttar seg av kollektivtilbod. Det er sett opp festivalbuss frå Lærdal, Sogndal og Øvre Årdal, opplyser Målrock på si eiga heimeside.
- Les også: Desse tenåringsidola kjem til Målrock
Stengjer sentrum
Bussane har eigen stoppestad utanfor inngangsområdet, medan resten av Årdalstangen vil få styrt trafikkavvikling. Fleire stader vil bli tatt i bruk som parkering denne dagen. Under finn du ei oversikt over parkeringar. Ein må rekne med 15-20 minutt gange til festivalområdet på somme av desse.
Artikkelen held fram under biletet.
Når det gjeld sentrum av Årdalstangen, vil Meierigata, Kaigata og Torget verte heilt steng for biltrafikk i åtte timar mellom 12.00 og 20.00.
– Dette er for å sikre god trafikkstyring, best mogleg logistikk og ei tryggast mogleg avvikling av arrangementet.
Set av god tid og vis omsyn
Det er vegarbeid på fylkesveg 53 både mellom Øvre Årdal og Holsbru i Jåteli, og i Bermålstunnelen mellom Årdalstangen og Fodnes. Etter velvilje frå Vegvesenet vil ei ekstra kolonne sleppe gjennom Bermålstunnelen mellom 20.00 og 20.30.
– Me oppmodar folk om å rekne god tid til arrangementet, men det er ikkje naudsynt å sitja heile dagen i kø utanfor området. Det er lurt å få i seg mat og drikke og ta omsyn til omgjevadene.
– Me oppmodar òg foreldre til å la barna få sjå konserten, og det er ikkje høve til å ta born på skuldrane. Det vil gjere at alle bak ikkje vil sjå noko som helst, er beskjedane frå Målrock.