NØGDE: Elektrolysesjef Trond Eirik Jentoftsen og fabrikksjef Wenche Eldegard tykkjer framtida ser lys ut for Hydro Årdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NØGDE: Elektrolysesjef Trond Eirik Jentoftsen og fabrikksjef Wenche Eldegard tykkjer framtida ser lys ut for Hydro Årdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ser ingen mørke skyer

Eit solid kvartalsresultat, produksjonsrekord, lågt sjukefråvêr, ingen skadar, ingen nedbemanningsspøkjelse, god tru på nye marknadar og eit godt forsikringsoppgjer etter straumbrota – sola skin på Hydro Årdal i følgje fabrikksjefen. 

– Eg ser ingen farar. Det er god driv i alle ledd, noko som er utruleg viktig, for me opererer i ein tøff marknad og Noreg er eit høgkostland. Det me kan påverka jobbar me godt med, seier Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal.

I dag, torsdag, kom kvartalsresultata for aluminiumsfabrikken i Årdal – 118 millionar kroner i overskot er talas tale. Det til trass for to krevjande straumbrot ved fabrikken og fall i aluminiumsprisane på mellom 10 og 12 prosent frå i fjor.

Femti milliionar kroner i forsikringspengar

– Prisane er låge i dollar, men me nyt framleis godt av låg kronekurs. Første kvartal hadde me eit overskot på tjue millionar, så det er opp rundt hundre frå då. Hovudårsaka til dette har med større produksjon og lågare kostnader å gjera. Me har god drift og jobbar bra med forbetringar for å få ned utgiftene, seier Eldegard.

– Ingen nedbemanningsspøkjelse som trugar i horisonten?

– Nei. Og me har gode planar og strategiar vidare.

Det var dramatisk då straumen forsvann i nesten fire timar på tampen av januar. Elektrolysecellene er avhengig av å ha kontinuerleg straumforsyning, og det tok lang tid å stabilisera prosessane. Midt i juni skjedde det same igjen – då var straumen vekke ein dryg time men konsekvensane då var vesentleg mindre.

– Me lærde mykje frå det første til det andre straumutfallet. Det har vore fantastisk å sjå korleis me takla utfordringane, eg må berre skryta av alle som var med i denne krevjande situasjonen, seier elektrolysesjef Trond Eirik Jentoftsen.

– No er me tilbake der me var før dette skjedde. Og me har fått dekka kostnadane me har hatt i første halvår, femti millionar kroner i erstatning på forsikringa, legg Eldegard til.

Les også: Aldri opplevd liknande straumbrot

Les også: Difor var straumen vekke

Positivt på HMS og miljø

Ein annan ting som gler fabrikksjefen er at det dette kvartalet ikkje vart nokre skadar med fråvêr på tilsette ved Hydro Årdal. I tillegg har sjukefråvêret gått ned frå 5,1 prosent i fjor til 4,6 prosent så langt i år.

– Det er ikkje meir enn eit par år sidan me var oppe i sju-åtte prosent sjukefråvêr. Nedgangen vitnar om god trivsel.

Også på miljøsida er Eldegard nøgd. Ho meiner dei no har fått eit gjennombrot i arbeidet med å redusera utsleppa av såkalla PAH til sjø – tjærestoff som kan vera helseskadelege

– Det er gledeleg å sjå at teknologimiljøet og driftsorganisasjonen på karbon har funne løysingar som gjer at desse utsleppa vil gå betydeleg ned.

Satsar på bilmarknaden

Solid overskot i krevjande tider til trass – heile 2015 gav eit overskot for Hydro Årdal på 420 millionar kroner, og så langt i år er det altså snakk om 138 millionar kroner. Slik sett ligg ein noko etter fjoråret, noko som først og fremst har med prisfallet på aluminium å gjera.

Men Eldegard er ikkje bekymra, og har stor tru på gode resultat av satsinga på nye marknader. 

– Me har ny teknologi i støyperiet og rettar produksjonen meir inn mot bilmarknaden. Det blir brukt meir og meir aluminium i bilproduksjonen i staden for stål for å gjera bilane lettare og dermed meir miljøvennlege. Dette er krevjande produksjon og utfordrar heile verdikjeda frå anode til elektrolyse til støyperi.  Men det blir betre marginar og det blir jobba godt i heile prosessen.

Hydro ASA fekk eit overskot på 1.618 millionar kroner i andre kvartal, noko som førde til børsoppgang.

– Det er berre å gira opp og sjå framover. Me vil halda fram den gode trenden, avsluttar Eldegard. 

 

Til toppen