OPTIMIST: Prosjektleiar for prosjekt Sau og utmark ser optimistisk på framtida til sauenæringa. Her saman med landbrukssjef i ÅLA, Magnhild Aspevik. Foto: Jan Christian Jerving. 
OPTIMIST: Prosjektleiar for prosjekt Sau og utmark ser optimistisk på framtida til sauenæringa. Her saman med landbrukssjef i ÅLA, Magnhild Aspevik. Foto: Jan Christian Jerving. 

Ser optimistisk på framtida for sauenæringa

Prosjektleiaren for prosjekt Sau og utmark seier ting har snudd i sauenæringa på svært kort tid.

Lærdal: – Då eg starta i 2014, var det ganske laber stemning blant sauebøndene i ÅLA-kommunane grunna høge tap i fjellet, og det var veldig lite framtidstru å spore. Mange snakka om å leggja ned, og iallfall ingen snakka om å byggja ny fjøs, seier Håvard Øyrehagen.

To år seinare snakkar folk om å byggja for framtida og for komande generasjonar. Det vitnar om at samarbeidsprosjektet mellom Årdal, Lærdal og Aurland har vore viktig, meiner han. 

Nærmar seg målet

Prosjektet, som er inne i sitt fjerde og avsluttande år, har vore noko forsinka. Øyrehagen er den tredje prosjektleiaren, og difor vil aktiviteten først bli avslutta ut i første halvår av 2017.

– Status på prosjektet er at me no er inne i siste ordinære driftsår, og det er veldig mykje av det som vart sett fokus på i starten som er blitt gjort. Det er mange nye besetningar og fleire nye fjøsar på veg, fortel Øyrehagen.

Artikkelen held fram under biletet.

FAGDAG: Prosjektet har arrangerte fleire ulike fagdagar, som denne som handla om beite- og bygningstips.
FAGDAG: Prosjektet har arrangerte fleire ulike fagdagar, som denne som handla om beite- og bygningstips.

– Det er også mange generasjonsskifter dei siste åra, og dei må jo vera det beste målet på ei næring med tru på framtida, og slik sett har jo prosjektet verkeleg vore vellykka. Framover no ventar me at endå fleire vel å ruste opp gamle fjøsar. Me nærmar oss slik sett målet med å nå nivået i år 2000.

Eit viktig prosjekt

Dei er ikkje der heilt enno. Det skuldast naturlege avgangar og høg snittalder på bøndene, samt at dette er ei næring ein ikkje ser effektane av før etter nokre år. Men prosjektet har vore viktig.

– Av fleire grunnar, men det er viktig å oppretthalde beitenærings på grunn av verdiskapinga i utkantstrok på fornybare ressursar på beite. I tillegg er det viktig at det er beitedyr til å stelle kulturlandskapet rundt oss, seier han.

Prosjektet sendte nyleg inn søknad om eit beløp på 300.000 kroner av såkalla IBU-midlar. Dette skal gå til sluttfinansiering.

– Dei midlane me søkjer om er midlar som har vore budsjettert med heile vegen, men me søkjer midlar kvart år då løyvingane berre vert gjort for eitt år av gongen. Planen er å avslutta dette prosjektet i første halvdel av 2017, slik at me held oss nokonlunde til prosjektplanen.

– Men målet er å få i gong nokre spin off-prosjekt, altså nye prosjekt som kan ta over for hovudprosjektet og kanskje spisse tema endå meir, forklarar prosjektleiaren vidare.

Optimisme for framtida

Det viktigaste spørsmålet no er om dette er ei næring for framtida, og det svarar Øyrehagen klinkande klart ja på.

– Me ser mange unge som går inn i næringa og som satsar mykje pengar på det som skal vere arbeidsplassen i 30 til 40 år fram i tid. Og beitande dyr er jo i vinden som aldri før, og om ikkje sauen i ÅLA-kommunane er glansbiletet på beitande sau i bugnande grøne bakkar og fjell i utmark, så veit ikkje eg.

Til toppen