FIAT 500: Jarle Haarseth spesialiserte seg på den klassiske Fiat 500-modellen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
FIAT 500: Jarle Haarseth spesialiserte seg på den klassiske Fiat 500-modellen. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Ser på bilar som kunst

Frå ein garasje i Fredrikstad har Christer Lundem gjort sin store lidenskap for halvgamle bilar til eit levebrød.

– Mange tenkjer på bil som harry, eg tenkjer på det som kunst, seier Christer Lundem. Han sit i det som frå utsida ser ut som ein romsleg garasje, men innvendig minner meir om eit bitte lite utstillingsrom for klassiske sportsbilar.

For halvtanna år sidan starta han opp Benzina, ei direkte kopling mellom den store lidenskapen hans for bilar og behovet for eit levebrød.

– Eg ville ikkje ha eit liv som består av møter og ein stiv rygg etter timar framfor ein skjerm.

Lundem er utdanna grafisk designar, var med på å starte Griff kommunikasjon, var ein av eldsjelene bak bilmagasinet Carburetti, har drive designbyrå for seg sjølv, har vore lærar i design og jobba med scenekunst.

Garasjen, som ligg vegg i vegg med heimen hans i Fredrikstad, er det nærmaste han kjem eit kontor. Eit lite bord med to stolar er møblementet, medan plassen elles er dominert av tre bilar som er langt frå nye.

– Eg likar å formidle, ikkje selje.

Artikkelen held fram under biletet

MEIR MOROSAMT ENN KONTOR: Christer Lundem ville heller følgje sin intense bilentusiasme enn å sitje på eit kontor, og startar Benzina for halvtanna år sidan.
MEIR MOROSAMT ENN KONTOR: Christer Lundem ville heller følgje sin intense bilentusiasme enn å sitje på eit kontor, og startar Benzina for halvtanna år sidan.

Mellommann

Han skildrar seg sjølv som ein mellommann, ein ein går til om ein ønskjer ein bil, så tar han i bruk sitt omfattande nettverk i Noreg og Europa.

– Finn eg ikkje bilen, blir det berre utgiftene mine som må dekkjast. I 2016 formidla eg 30 bilar. Eg blir ikkje rik av det, men det er nok til å leve av, og ikkje minst ein fin måte å leve på. Når kundane kjem til meg, er eg på deira side. Eg tar eit fast honorar, viss det blir veldig komplisert tar eg betalt på timebasis.

Lundem er ikkje den einaste som har funne ei nisje i marknaden for litt eldre bilar. I Fredrikstad finn ein også La Scuderia, driven av Jarle Haarseth, som hovudsakleg sel dei originale Fiat 500. På Rud i Bærum ligg Rud Vintage Garage, der Bård Risan har spesialisert seg på kvardagsbilar frå 60-, 70- og 80-talet, medan Auto Ital på Bryn i Oslo har importert både gamle og nyare italienske bilar i over 20 år.

– Det som er ekstra fint er at ein blir kjent med mange hyggelege menneske, miljøet er tett, og vi hjelper kvarandre. Det er snakk om gode relasjonar, vi er venner.

Artikkelen held fram under biletet

KUNST: Lundem finn same glede i ein bil som andre gjer i kunst.
KUNST: Lundem finn same glede i ein bil som andre gjer i kunst.

På utstilling

I månadsskiftet april-mai var Lundem på Exporama-senteret utanfor Oslo, på arrangementet Classic Car Show Norway. Her var det 350 klassiske bilar frå norske samlarar og entusiastar.

På Benzinas stand var det to bilar, ein kvit Alfa Romeo 1300 GT frå 1966 som Lundem har skaffa til ein kunde, og ein gul Porsche 911.

Bak det heile stod Bjarne Reistad og Hans Hallbauer, som to gonger tidlegare har hatt same type arrangement i Trondheim.

– Det var kjempesuksess, alle tilbakemeldingar frå besøkjande og utstillarar var positive. Tusenvis av entusiastar var innom. Vi kjem tilbake neste år, men har ikkje sett nokon dato enno. No har vi fullt opp med å planleggje neste show som er i Trondheim 16. og 17. september, seier Reistad.

Han seier at dei i utgangspunktet hadde ei utfordring i å finne fram til bilar i austlandsområdet, men at det løyste seg svært fort.

– Det var ein enorm godvilje i miljøet, alle ville bidra. Det er jo eit ganske lite miljø, og vi forstår kvarandre. Dette gjeld også dei som har tatt steget og gjort forretning av det, sånn som Christer. Folk stilte opp, og det blei mest av alt ein sosial arena.

Artikkelen held fram under biletet

KVARDAGSBILAR: På Rud i Bærum sel Bård Risan kvardagsbilar frå 60-, 70- og 80-talet.
KVARDAGSBILAR: På Rud i Bærum sel Bård Risan kvardagsbilar frå 60-, 70- og 80-talet.

Hjelper kvarandre

Lundem fortel at det ikkje er uvanleg at det dukkar opp ein bil eller ein kunde som har behov som vert dekt av nokon andre. Då sender han dei vidare dit.

Han meiner at det er mogleg å skaffe til vegar så å seie alt som finst av bilar, men at folk må gå for ein bil som matchar lommeboka.

– Med ein Porsche, Ferrari eller Lamborghini må du ha mykje pengar for å drifte han. Eventuelt må du kunne skru. Det gjeld eigentleg alle eldre bilar, men det er store forskjellar i kor dyre dei er å reparere. Ein eldre bil kan gå i årevis eller havarere i morgon, det veit ein aldri. Det kan alltid vere skjulte feil, uansett kor fine bilane ser ut.

– Vi merkar at interessa for klassiske bilar er aukande i Noreg. Samtidig har vi i liten grad spekulantar og forretningar i glasbygg med 300 millionbilar, det er ikkje Noreg stort nok til, seier Reistad i Classic Car Show Norway.

Artikkelen held fram under biletet

ALFA ROMEO: Som profesjonell bilentusiast har Lundem opp gjennom åra eigd ei rekke bilar. Han anslår at det blant anna dreier seg om minst 150 Alfa Romeoar.
ALFA ROMEO: Som profesjonell bilentusiast har Lundem opp gjennom åra eigd ei rekke bilar. Han anslår at det blant anna dreier seg om minst 150 Alfa Romeoar.

Ha god tid

Lundem meiner god tid er eit godt utgangspunkt. Og understrekar at det er svært viktig å skilje mellom eit restaureringsobjekt og ein fin bil. Elles blir det mykje tull.

Nokre biltypar dukkar jamleg opp på ønskelista til Benzina-kundane:

– Alle Alfa Romeoar, Lancia Integrale og Lancia Fulvia. Fiat 500 er også populær, men den tar Jarle seg av.

Ser ein etter fornuftige investeringsobjekt i dag, trekker han fram GTI-bilar frå den gong slike bilar var noko nytt, modellar som Peugeot 205 GTI og Fiat Ritmo Abarth.

– Den lettaste måten å bli ung igjen på er å ta ein slik bil med på ein svingete veg til Askim. Eg har vakse opp i desse bilane, det var slike eg lærte å køyre i. Dette er bilar for oss som var unge på 80- og 90-talet, bilar vi drøymde om den gongen. Dei låser ikkje masse pengar og er billige å fikse. Ryk det noko på ein Lamborghini, er det berre å gå i fosterstilling.

 

Til toppen