SPENNANDE: Næringssjef i Aurland kommune, Inge Håvard Aarskog, fortel biogass- og hydrogenanlegg kan gje store ringverknader: – Ein kan kopla på fleire ting her; det gjer dette så utruleg spennande, seier han. Arkivfoto
SPENNANDE: Næringssjef i Aurland kommune, Inge Håvard Aarskog, fortel biogass- og hydrogenanlegg kan gje store ringverknader: – Ein kan kopla på fleire ting her; det gjer dette så utruleg spennande, seier han. Arkivfoto

Ser på moglegheitene for både biogass- og hydrogenanlegg

Aurland kommune håpar å få i gang forprosjekt på satsinga til hausten.

Aurland: – Gjødsel og organisk avfallsstoff frå gardsdrift og besøksnæringa som til dømes kloakk frå båtar, kommunale anlegg med vidare kan produsera straum og varmt vatn frå biogass. Med oppgradering kan også gassen nyttast til transport, står det i skildringa av forprosjektet som politikarane i Aurland no har fått i hende.

Dei gryande planane har eksistert ei stund, og no er neste steg å materialisera dette i form av eit forprosjekt som vil starta opp til hausten, om alt går etter planane.

Grunnen til at biogassproduksjon passar så godt i Aurland er altså at ein kan nytta det som i dag er eit problem til noko med stor nytteverdi:

– Ei kopling mellom kommune, næringsaktørar og Sogn jord‐ og hagebruksskule vil kunne gje grunnlag for eit biogassanlegg i Aurland som løyser deler av utfordringane med avfall og transport, og kan gje ein positiv miljøgevinst i form av auka lokalprodusert energi i kommunen og redusert utslepp av klimagassar, står det vidare.

Kan nyttast i undervisning

Fleire av bygga til Aurland kommune har vassborne oppvarmingsløysingar, og ligg i nærleiken til aktuell lokasjon for iet biogassanlegg. Vidare kan transportaktørar på sjø og veg nytte biogass som drivstoff – det kan til dømes også nyttast i kommunale køyrety.

Dessutan vil biogassanlegget også kunne inngå som ein del av undervisningstilbodet ved Sogn jord- og hagebruksskule om plasseringa av anlegget blir i nærleiken.

– Anlegget kan i tillegg nyttast til undervisningsføremål for barnehage og barne- og ungdomsskulen. Bioresten kan nyttast som jordforbetring i landbruket. Prosjektet går langt ut over den praksis som er til stades i dag, og vil bidra til høgare grad av bêrekraftig innovasjon og verdiskaping, står det vidare.

Næringssjef i Aurland kommune, Inge Håvard Aarskog, forklarar at lokasjon vil vera eitt av spørsmåla i den vidare prosessen.

– Det er ofte desse spørsmåla som skapar mest debatt, men for å seia det slik vil det vera gunstig å ha nærleik til anlegg der ein kan transportera overskytande spillvarme til bygg og anlegg som kan nyttigggjera seg av dette, som offentlege bygg. Også nærleik til råstoffet er eit poeng, og nærleik til skulane er gunstig i høve undervisning.

– Kan bli kopla på fleire element

Inne i dei førebelse planane ligg også eit hydrogenanlegg i Aurland. Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett i gang eit prosjekt for å etablera fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

– Midlane som vert lyste ut skal gå til forprosjekt som bidreg til å drive fram utviklinga av hydrogenbaserte verdikjeder i regionen (..) Element som kan inngå i ei slik verdikjede er hydrogenproduksjon basert på fornybar energi, infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon samt eit sluttbrukarledd eller ein potensiell marknad innanfor fleire bruksområde, står det i sakspapira.

Aarskog forklarar at biogassanlegg og hydrogenanlegg langt på veg er to separate element.

– Er det slik at det eine kan koma og ikkje det andre?

– Det kan godt vera, det veit me ikkje enno. Økonomi er ein viktig del, både ihøve investering og drift. Viss ein del av verdikjeda i det eine ikkje held, så kan det vera at berre det andre kjem. Dette er to separate ting, i hovudsak. Så er det slik at ein kan kopla på fleire ting her; det er det som gjer biogass så utruleg spennande.

Forprosjektet har som hovudmål å prosjektera teknisk infrastruktur og verdikjeder for etablering av biogassanlegg og hydrogenanlegg.

Offentlege midlar og spleiselag

Det store spørsmålet er sjølvsagt økonomi. Av sakspapira går det fram at det er søkt om 250 000 kroner i klimasatsmidler hjå Miljødirektoratet til biogassprosjektet, svar her er ventande i juni. Det vil også bli søkt om tilskot frå fylkeskommunen til hydrogenprosjektet – dersom fondstyret for konsesjonsavgiftsfondet gir sitt ja i møtet 8. juni.

– Det er venta at partnerane vil bidra med midler i prosjektet. I tillegg vil det vera eigeninnsats frå partnerane, står det i sakspapira.

Aktuelle partnarar det har vore møter med om prosjektet er: Flåm AS, Flåm Guideservice, Sogn- Jord og Hagebruksskule, Aurland Sparebank, Aurland Hamnevesen og Sognefjorden næringshage.

– Kva kan slike anlegg få å bety for Aurland?

– Det er fleire ting her. Sjølve produksjonen i eit biogassanlegg gir avgrensa arbeidsplassar, men det blir ein kunnskapsarena for nye typar arbeidsplassar. Og det er eit bidrag til å posisjonera oss enno meir som ein plass der ein møter det kundane etterspør i form av miljøvennlege produkt og ein grøn profil. I tillegg løyser det utfordringar ved at avfall blir brukt på ein nyttig måte, seier Aarskog, og held fram:

– Hydrogen er ein bidragsytar i det same biletet, så biogass og hydrogen matchar og utfyller kvarandre godt. Slike anlegg byggjer på føresetnadene me har, det er noko me har tilgang til på råstoffsida. Så gjeld det å få systematisert det mellom råstoff og ferdig produkt.

Til toppen