SAMARBEID: Det er ikkje sikkert det blir derbykamp i 5. divisjon likevel. No ser Årdal Fotballklubb og Jotun på moglegheitene for samarbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: Det er ikkje sikkert det blir derbykamp i 5. divisjon likevel. No ser Årdal Fotballklubb og Jotun på moglegheitene for samarbeid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ser på moglegheitene for samarbeid

Det er ikkje sikkert det blir lokalderby i 5. divisjon komande sesong likevel.

I slutten av oktober kunne Porten.no fortelja at det var duka for lokalderby i Årdal etter at Veitastrond sa frå seg opprykket til 4. divisjon.

Det gjorde at Jotun fekk behalde plassen i 5. divisjon, og sidan andrelaget til Årdal Fotballklubb kom sist i 4. divisjon, låg alt til rette for ein real årdalsderby neste sesong.

Men no tyder ting på at det ikkje blir noko av. For dei er samde alle saman. Det er ikkje nok seniorspelarar i bygda til å ha tre lag – iallfall ikkje slik det såg ut i haust, der samtlege herrelag sleit.

– Når me tel opp spelarane i Årdal, har me ikkje sjanse til å drifta eit andrelag. Slik det har vore i år har det ikkje vore nok folk til meir enn to seniorlag, seier førstelagstrenar Ivan Øy til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

TO SENIORLAG: Ut frå slik sesongen var, meiner Ivan Øy at det ikkje er nok folk til tre seniorlag.
TO SENIORLAG: Ut frå slik sesongen var, meiner Ivan Øy at det ikkje er nok folk til tre seniorlag.

– Ser at me må samarbeida

Dei same problema har Jotun hatt. Den siste tida har dei gjort ei opptelling på kor mange som ønskjer å spela vidare neste sesong.

– Samla sett kan det sjå ut til at dette er rette tida for å gå over til to seniorlag, seier Arne Håkon Laberg, sportsleg leiar i Jotun. 

I ÅTIL driv dei ikkje seniorfotball, men beskjeden frå leiar for fotballgruppa Kjell Kauppi er den same.

– Me har sidan førsommaren hatt mange diskusjonar med trenarar, oppmenn og fotballstyret, og heilt ned i barneidretten, skaffa oss ei oversikt over kulla, og det er klart at me ser at me må samarbeida, seier han til Porten.no.

I dialog

Tysdag denne veka møttest representantane for å diskutera nettopp dette. Det bekreftar leiar i Årdal Fotballklubb Geir Kjetil Øvstetun til Porten.no.

– Me er i samtalar med ÅTIL og Jotun, og dei har vore veldig positive. I laupet av 14 dagar skal me ha eit fellesmøte, og då vil me vita meir. 

Artikkelen held fram under biletet.

LITE FOLK: Geir Kjetil Øvstetun fortel at både Årdal og Jotun hadde store problem med å stilla lag førre sesong.
LITE FOLK: Geir Kjetil Øvstetun fortel at både Årdal og Jotun hadde store problem med å stilla lag førre sesong.

– Ein av grunnane til at me gjer dette er at både me og Jotun såg at me hadde problem med å stilla lag 4. og 5. divisjon førre sesong, og det er noko me må ta på alvor.

Han fortel at andrelaget stort sett var ein plass mellom ti og tretten mann på kampane, og då brukte dei også reservane til førstelaget. I Jotun er situasjonen lik, men der har dei nytta mange gutespelarar. Til tider har halve laget bestått av gutespelarar.

Slik går det ikkje an å fortsetta, meiner Øy.

– Konsekvensane er at ein driv rovdrift på dei me har. Det har vore knalltøft for Årdal 2 på grunn av manko på spelarar.

Samarbeidsmodell

I Årdal FK har det fungert slik at dei som er reservar på førstelaget, får starta på andrelaget. Øy understrekar viktigheita av eit kamptilbod til nummer tolv og utover i spelarstallen.

Jotun vart starta opp att som eit breiddetilbod og har ikkje hatt nokon ambisjonar om å hevda seg. Samstundes har det vore mogleg for dei beste gutespelarane på Jotun å smaka på seniorfotball.

Artikkelen held fram under biletet.

FORSLAG TIL MODELL: Arne Håkon Laberg føresler eit samarbeid mellom Jotun og Årdal Fotballklubb i 5. divisjon.
FORSLAG TIL MODELL: Arne Håkon Laberg føresler eit samarbeid mellom Jotun og Årdal Fotballklubb i 5. divisjon.

Eit alternativ Laberg føreslår for å sikra desse moglegheitene og fleksibilitet er at Årdal 2 og Jotun sler seg saman og heiter Årdal 2/Jotun. På den måten vil Årdal kunne senda reservane sine ned på andrelaget i 5. divisjon, medan Jotun kan henta opp dei gutespelarane som bør få kjenne på seniornivået.

– Det er denne modellen som er mest aktuell. Fordelen då er at Årdal kan gje reservane sine eit kamptilbod, medan ein samstundes kan rekruttera spelarar frå aldersbestemt og opp i 5. divisjon, seier han.

Får ein inn ÅTIL i dette namnet også, så vil spelarar på aldersbestemt herfrå også kunne ta steget opp utan å måtte melda overgang. Men her er det strenge reglar i Forbundet som seier at samarbeid i første omgang skal gjelda når ein slit med å levera eit tilbod.

Risikerer å mista breiddetilbodet

Blir det berre to seniorlag i bygda igjen, kan det tenkjast at det er fleire som mistar tilbodet sitt.

– Kanskje treningsmessig, men ikkje kampmessig, seier Øy og utdjupar:

Artikkelen held fram under biletet.

TUNG SESONG: Jotun fekk det skikkeleg tøft i 5. divisjon og enda opp med berre to poeng til slutt.
TUNG SESONG: Jotun fekk det skikkeleg tøft i 5. divisjon og enda opp med berre to poeng til slutt.

– For det har vist seg at Jotun har hatt 20-25 mann på trening, men berre fire-fem på kampane. Då er spørsmålet om ein skal driva breiddefotball når ein ikkje kan stilla lag. Då er det betre med eit anna treningstilbod til dei, for får me ikkje til eit andrelag, så mistar me grobotnen i 3. divisjonslaget. Når me ser trenden i fylket, er me på veg dit me òg. 

– Eg reknar ikkje dei som trenar når dei vil og spelar ein kamp her og der som å mista eit tilbod. Dei er eigentleg ikkje med, legg Øvstetun til. 

ÅTIL vil inn i Årdal FK

Desse problema er det ikkje berre seniorfotballen i bygda som slit med. Også på aldersfastlagd varierer det veldig frå kull til kull, og eit samarbeid må til.

Laberg er oppteken av ungdommane i bygda skal spela på eit så høgt nivå som mogleg i smågute- og gutealder. Slik førebur ein dei betre på seniorfotballen som ventar.

I ÅTIL har dei fremja eit anna forslag for aldersfastlagd fotball, fortel Kauppi.

Artikkelen held fram under biletet.

INN I ÅRDAL: ÅTIL har lagt fram forslag om å flytta heile fotballgruppa inn i Årdal Fotballklubb.
INN I ÅRDAL: ÅTIL har lagt fram forslag om å flytta heile fotballgruppa inn i Årdal Fotballklubb.

– Me har lagt fram eit forslag om å flytta heile fotballgruppa inn i Årdal Fotballklubb. Etter det møtet, gjekk me i møte med Jotun og inviterte dei til å gjera det same. 

– Det møtet skulle eigentleg handla om samarbeid på gute- og smågutenivå, men me sa at me ville gjerne ta steget heilt ut og inviterte dei til å gjera det same som oss. Det fekk me nei på, og Årdal Fotballklubb sa at ville ikkje så lenge Jotun ikkje ville. 

Engasjement

Årsaka til ÅTIL vil dette seier Kauppi er fordi dei ønskjer å skapa meir engasjement rundt Årdal. 

– Me ser jo at det ikkje er den same interessa som det var då me hadde to lag i bygda og masse folk på kampane. Me ser at det blir færre ungar, trenarar og ressurspersonar. Det er tungt å driva både i ÅTIL, Årdal og Jotun, held Kauppi fram.

– Før eller seinare må me samarbeida. Me kan ikkje driva tre seniorlag, og eg har ikkje tru på to gutelag heller. 

Laberg: – Vanskeleg

Med berre éin klubb kan ein fritt flytta spelarar slik ein vil utan nokon form for hindringar. Då vil ein smågutespelar fritt kunne hospitera på nivået over dersom han er god nok til dømes.

– Historisk sett har me sett at det har vore vanskeleg å vera god på begge delar, rekruttering og nivåsatsing. Rekrutteringa er ganske krevjande ressursmessig både når det gjeld folk og økonomi, er motargumentet frå Laberg. 

Artikkelen held fram under biletet.

KLARTE SEG: Årdal klarte seg med eit nødskrik førre sesong. Laberg meiner det beste er om klubben berre fokuserer på seniornivået, og så kan Jotun og ÅTIL ta seg av aldersfastlagd fotball.
KLARTE SEG: Årdal klarte seg med eit nødskrik førre sesong. Laberg meiner det beste er om klubben berre fokuserer på seniornivået, og så kan Jotun og ÅTIL ta seg av aldersfastlagd fotball.

– For Jotun sin del har rekrutteringa vore viktigast, og så er det fint at Årdal har fokus på senior, slik at ein får ein ryddig og fin tråd der utan nokon interessekonfliktar. Då kan me berre tenka på å ferdigstilla best mogleg spelarar til Årdal. 

Kauppi meiner dette er mogleg å få til. 

– Eg trur ikkje det er noko problem viss ein opprettar eit sportsleg utval, eit seniorstyre og eit styre for aldersfastlagd. Ei mogleg utfordring blir det for idrettslaga dersom fotballen går over. Akkurat det må me innrømma at me ikkje har diskutert så mykje, men det må det gå an å finna ei løysing på.

Kva meiner du er rette vegen å gå for fotballen i bygda? Sei di meining i kommentarfeltet under. 

Til toppen