FLEIRE TYPAR: Det omtalte hamneprosjektet til LNU, her ved dagleg leiar Arve Tokvam, går ut på å sjå på potensialet for ulike typar hamn i Lærdal. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
FLEIRE TYPAR: Det omtalte hamneprosjektet til LNU, her ved dagleg leiar Arve Tokvam, går ut på å sjå på potensialet for ulike typar hamn i Lærdal. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Ser på potensiale for både cruise-, tømmer-, og godskai

Det har vore mykje snakk om hamn eller kai i Lærdal siste dryge veka. Kva type kai som er mest aktuelt vil bli klart i løpet av vårparten.

Lærdal: – Omstillingsstyret ønskja at potensialet for å utnytta Lærdal sin nærleik til fjorden vart utgreidd. Så då fekk LNU i oppdrag å sjå nærare på moglegheitene for cruisekai, tømmerkai og container- eller godskai, fortel Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling (LNU).

Saka om oppstart av planarbeid for omregulering i Erdal med siktemål om etablering av hamn vekte stort engasjement i førre veke.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Les også: – Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

Cruise kjem truleg opp i neste kommunestyremøte

Kommunestyret vedtok å utsetja saka til neste møte, 30. mars.

Les også: Gjekk for industri i Håbakken, utsette oppstart av planarbeid for hamn

Eitt av argumenta for å avventa har vore at LNU driv med eit eige hamneprosjekt. Og dette går altså kort ut på å sjå kva potensiale ulike typar hamn eller kai kan ha i Lærdal.

– Me jobbar oppdragsbasert; prosessane i høve reguleringsplan er sett i gang politisk. Plassering av hamn er ikkje noko me tek stilling til, me skal først og fremst sjå på potensialet, strekar Tokvam under.

Og oppdraget er altså å sjå nærare på tre ulike typar kai.

Les også: - Hamn er like viktig som Håbakken

– Cruisekai kom opp som eit konkret initiativ frå Arthur Kordt og Turistutvikling AS. Utgreiinga her går på kva som må til for at Lærdal skal lukkast som cruisedestinasjon. Har me den naudsynte infrastrukturen? Er det attraktive tilbod for cruiseturistar her? forklarar Tokvam.

Les også: Cruise i Lærdal: – Spennande, men fort at alle seier «halleluja»

Han fortel vidare ei tilråding til kor vidt ein skal gå vidare med cruiseplanar blir lagt fram for kommunestyret 30. mars.

Ulike bruksområder for tømmerkai

Når det gjeld tømmerkai har fleire bruksområder vore inne i biletet. I tillegg til at ei slik kai vil kunne inngå som ein del av infrastrukturen for ein eventuell pelletsfabrikk i Håbakken, kartlegg selskapet WoodInvest moglegheitene for å skapa arbeidsplassar gjennom meir utnytting av tømmeret langs Sognefjorden. 

Tømmerkai i Lærdal og Gulen er brikker i denne strukturen. Bak selskapet står tolv offentlege og private aksjonærar. Styreleiar i Woodinvest er Harald Kjelstad og nestleiar Liv Signe Navarsete. 

–  Det er også tidlegare gjort ein følsamheitsanalyse med tanke på etablering av tømmerkai i Lærdal. Valdres er store på skogdrift, og ein såg ein på moglegheita for ei kai her i Lærdal som eit alternativ til utskiping av tømmer frå kaiene på Austlandet, forklarar Tokvam.

Når det gjeld godshamn har LNU bestilt ein rapport frå Transportøkonomisk institutt. 

– Rapporten tek føre seg varestraumar og korleis ei godshamn her vil passa inn som eit element i dette, seier Tokvam.

Han går utifrå at rapportane og undersøkingane rundt tømmerkai og godshamn ikkje vil vera klare til komande kommunestyremøte, altså blir dette lagt fram for politikarane først lengre utpå vårparten eller førsommaren. 

Til toppen