SAMARBEID: Arnt Stølen Moen, leiar i IL Jotun, synte fram to moglege modellar for eit utvida samarbeid med ÅTIL innanfor handballen på årsmøtet til idrettslaget onsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: Arnt Stølen Moen, leiar i IL Jotun, synte fram to moglege modellar for eit utvida samarbeid med ÅTIL innanfor handballen på årsmøtet til idrettslaget onsdag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ser på utvida samarbeid for å styrke handballen

Det manglar framleis ein leiar, nestleiar og sportsleg leiar i handballen i IL Jotun. No er idrettslaget i dialog med Årdalstangen IL om eit utvida samarbeid på administrasjonssida.

Årdal: Det er nesten eit år sidan klubben gjekk ut i media og etterlyste personar som kunne tenkja seg dei ulike verva i handballen. Det har dei framleis ikkje lukkast med trass fleire telefonar og forsøk på å få folk til å ta på seg verva.

Difor har eit såkalla arbeidsutval hatt styringa for seniorhandballen denne sesongen, medan eit redusert styre har handtert aldersbestemt. Eit tettare samarbeid med ÅTIL kan vere løysinga.

– Me har  eit samarbeid med ÅTIL  med felles lag. No ser me moglegheita for å diskutera om det er naturleg å utvida det. Det er ikkje sikkert me havnar der, men me set oss ned og pratar saman, og så fører det kanskje til ein modell me kan prøve ut.

– Trist

På årsmøtet synte Stølen fram to modellar for korleis handballen eventuelt kan organiserast, men understreka at dette ikkje var spikra. Frå salen vart ordet «trist» brukt om at ein ikkje har fått folk inn i verva.

– Er det trist?

– Det burde vera kandidatar. Det tykkjer eg absolutt, men eg håpar at eit slikt samarbeid gjer det meir interessant å vere med, svarar Moen.

MODELL: Anne Kauppi meiner modellen ÅTIL har presentert er den rette å gå for.
MODELL: Anne Kauppi meiner modellen ÅTIL har presentert er den rette å gå for.

– Håpar me får det til

I ÅTIL stadfestar dei samarbeidspraten. Dei skal ha årsmøte i neste veke. 

– Me har eit godt samarbeid med Jotun, men har merka at det denne sesongen at det ikkje har vore heilt styr på ting ret og slett fordi dei ikkje har hatt noko styre. Ein måte ein kanskje kan løyse det på er eit felles styre for desse to handballgruppene. Det er intensjonen og noko eg håpar me får til, seier leiar for handballgruppa i ÅTIL, Anne Kauppi.

– Men det er nokre ting som må falle på plass først. Me har presentert ein modell og meiner det er den rette modellen å gå for, legg ho til.

Ønskjer å ha eit damelag

Damelaget har på få år falle drastisk i seriesystemet frå å kjempe om opprykk til 1. divisjon til å no spele i 4. divisjon. Årets sesong starta bra med fleire sigrar på rad, men etter nyttår har laget hatt det tøft. Likevel ser dei ut til å greie målet om ei topp 3-plassering.

I årsmeldinga vert det mellom anna peika på at betre samarbeid mellom dei eldste på aldersfastlagd og seniorlaget må til for å styrke rekrutteringa.

Artikkelen held fram under biletet.

KLART SEG BRA: Jotun sitt damelag har klart seg bra i 4. divisjon med ein prikkfri haustsesong. Etter nyttår har det ikkje gått like bra, men laget ser ut til å klare målet om å avslutte blant topp tre i avdelinga.
KLART SEG BRA: Jotun sitt damelag har klart seg bra i 4. divisjon med ein prikkfri haustsesong. Etter nyttår har det ikkje gått like bra, men laget ser ut til å klare målet om å avslutte blant topp tre i avdelinga.

– Handballen har ei utfordring i at mange reiser vidare på skule, og det er viktig å ha eit tilbod.

– Er det aktuelt å kutte ut heile seniorsatsinga?

– Nei, det ønskjer me ikkje. Me tykkjer det er kjekt med kampar og ramma rundt, og så er det noko å strekke seg etter for dei yngre. Me er innstilt på ha eit damelag.

UTGÅANDE KONTRAKT: Olafur Sveinsson sin kontrakt går ut i utgangen av april. IL Jotun seier tida med løna trenar er forbi.
UTGÅANDE KONTRAKT: Olafur Sveinsson sin kontrakt går ut i utgangen av april. IL Jotun seier tida med løna trenar er forbi.

Ikkje lenger løna trenar

På årsmøtet vart det også gjort klart at tida med løna trenar er forbi. Det herska litt forvirring i fjor sommar då Jotun først melde at Olafur Sveinsson ikkje lenger var trenar, men sidan kontrakten ikkje var omme, har han hatt ansvaret også denne sesongen. 

– Engasjementet med betalt trenar vert avslutta, men handballen kjem til å jobba vidare med korleis løysinga skal vere for senior, trenar og den biten framover i vår.

Det betyr i praksis at Sveinsson kan halde fram som trenar for laget, men får då ikkje betalt for jobben. 

Til toppen