POTENSIAL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ser utviklingspotensial i Storevegen 2. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
POTENSIAL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ser utviklingspotensial i Storevegen 2. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ser potensial i Brannstasjonen

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ønskjer ikkje å selje Storevegen 2, kjend som Brannstasjonen, i Øvre Årdal dersom kommunen har behov for bygget.

Årdal: Det sa Brandsdal då formannskapet handsama den bustadsosiale handlingsplanen tysdag. Ein slik plan skal ta føre seg bustadosiale utfordringar i kommunen. Den førre planen var frå 2008.

På lista over bygg som fanga merksemda til dei folkevalde er mellom anna Storevegen 2, best kjend som Brannstasjonen. Bygget har kommunestyret allereie sagt ja til at det skal leggjast ut for sal, men Brandsdal er lunken til det dersom det viser seg at kommunen har behov for bygget.

Gjennomgangsbustad

Ifølgje saksutgreiinga har Storevegen 2 vore og vert nytta som og lågterskel butilbod for personar som har vanskar med å skaffe seg bustad sjølv. 

– Me har allereie vedteke å setja rådhus 2 til sals. Eg ønskjer ikkje å setja Storevegen 2 til sals viss det er slik at me har behov for bygget og viss det er ei bygg me kunne rennovert til eit flott leilighetsbygg, sa ho i møtet.

– Bygget ligg sentralt plassert, er i nærleik av offentleg transport og inneheld mange leiligheiter. Det har potensiale. Eg meiner me burde tenkja oss nøye om og sjå kva behovet er.

Samarbeid med ÅBBL

Arbeidarparti-politikaren peikte på at Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) har gjort kommunen ei stor teneste med heisprosjektet sitt, som har gjort at fleire kan bu lengre i eigen heim. Vidare ser ho føre seg eit liknande heisprosjekt i Storevegen 2.

– Har kommunen fått førespurnader på bygget? Kunne ein ha utvikla dette med ÅBBL eller åleine? Har kommunen gjort førespurnader til ÅBBL? spurte ho. 

I sitt høyringssvar skriv dagleg leiar ved ÅBBL, Greta Steinheim, at dei ønskjer eit samarbeid med kommunen.

«For å byggja, tilpassa og gjennomføra planar, så peikar bustadsosial handlingsplan på ein treng samarbeidspartnarar. ÅBBL er nemnd i planen, og vårt hovudmål er å skaffa bustader til medlemmane, og tilleggsformålet er å drive bustadforvalting.»

«ÅBBL ser på si rolle i samfunnet som ein aktiv pådrivar i kommunen. Me kan nemna etterinstallering av heis til 196 leiligheiter, bygd omsorgsbustader med meir. ÅBBL ønskjer å vera ein sterk samarbeidspartner for kommunen», skriv ho i uttalen.

I dialog med interessent

Sandra Opheim (MDG) peikte på at det var Ap som sat med makta då bygget vart vedteken å leggjast ut for sal og lurte på om det kom endringsforslag frå Brandsdal.

– Det var eit samrøystes vedtak den gongen, og det kjem ingen forslag til endring frå Ap. Det mest gledelege hadde vore om me fekk utvikle det til eit flott leiligheitsbygg, gjerne i samarbeid med ÅBBL eller andre private aktørar.

Rådmann Olve Fossedal fortalte at kommunen er i dialog med ein interessent for Storevegen 2, men dersom bygget skal seljast, er det med opsjon på at bygningen må nyttast til gjennomgangsbustader og lågterskeltilbod til kommunen finn tenlege bualternativ og finansieringsmoglegheit. 

AD-bustaden

Frå Senterpartiet stilte Hilde Horpen spørsmål kring AD-bustaden sidan denne ikkje er eigna som eigne leiligheiter slik det ligg føre no. 

I tilrådinga står det at kommunen skal inngå samarbeid med ÅBBL i 2016 med siktemål om å få utarbeidd alternative, sjølveigde bustader i bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne her. 

Horpen lurte også på korleis tilstanden på Øvstetunsvegen 1 er, der det blir foreslått at den skal nyttast til busetjing av einslege mindreårige i 2016.

– Øvstetunsvegen 1 vart stengt på grunn av brannen i Øvstetunsvegen 3. Det har vore ei utfordring med inneklima i Øvstetunsvegen 1, men det var ikkje grunnlag for å stengja, forklarte kommunalsjef Rigmor Svanberg og la til at Øvstetunsvegen 1 er godt eigna for dette tilbod fordi ein også treng ei døgnbemanning.

– Eg ser det er litt ulik praksis på dette rundt om i landet, og eg meiner det er kjempeviktig at ein har døgnbemanning i byrjinga for å sjå korleis det blir. Det er veldig viktig fordi dette er ei gruppe som treng mykje hjelp, sa Opheim. 

Bemanningsplan

I tillegg er det tilrådd at Tangevegen 14 skal nyttast til bufellesskap for såkalla ROP-pasientar og bufellesskap og treningsleiligheit for personar med kronisk og alvorleg psykisk liding. 

Det skal også utarbeidast ein bemannings- og finansieringsplan med siktemål å ha døgnbaserte tenester i Tangevegen frå 2018. 

Til toppen