Prosjektleiar Tone Boska og sivilarkitekt Maria Molden i Arkitektgruppen Cubus. Foto: Ina Eirin Eliassen
Prosjektleiar Tone Boska og sivilarkitekt Maria Molden i Arkitektgruppen Cubus. Foto: Ina Eirin Eliassen

Ser rådhuset som løysinga for å knyte sentrum i hop

Å få innbyggarane til å seie si meining om korleis dei vil ha det i sentrum har vore nøkkelen for Arkitektgruppen Cubus. Onsdag kveld presenterte dei to grep som kan styrka og samla Lærdal.

Lærdal: Onsdag kveld var det klar for ny runde på tettstadutviklingsprosjektet for Lærdalsøyri. Her presenterte sivilarkitekt Maria Molden og prosjektleiar Tone Boska i Arkitektgruppen Cubus nokre av forslaga som har komen fram gjennom innspel frå særleg dei unge i Lærdal om korleis sentrum i Lærdal skal utviklast.  

Artikkelen held fram under biletet

VANDRING: Folkemøtet som denne gongen vart kalla "Lærdalssalaten" starta med ei vandring på Lærdalsøyri, der 9. klasse ved Lærdalsøyri hadde laga til fleire postar.
VANDRING: Folkemøtet som denne gongen vart kalla "Lærdalssalaten" starta med ei vandring på Lærdalsøyri, der 9. klasse ved Lærdalsøyri hadde laga til fleire postar.

To grep – startar med rådhuset

Dei peika på at det er mange kvalitetar i Lærdal av nasjonal verdi. Samstundes er det slåande langt mellom dei ulike funksjonane i sentrum. Difor må ein vera tydeleg på kvar å satsa, då ein ikkje kan satsa overalt. 

– Ut i frå innspela me har fått er det to grep som kan styrke og samle Lærdal. Her vil rådhuset vera eit stikkord for å knyte sentrum i hop, slik at det gamle og nye heng saman og slik at sentrum blir opna for gjennomstrøyming av idear. Det andre er å ha ein elvepark som ryggrad for heilskapen i sentrum, slik at ein kjem tettare på naturen, seier Boska. 

I tillegg kom det fram at sentrum treng meir lys, å ha stigar på kryss og tvers for å binde saman funksjonane på Øyri og at ein må opne opp mellom elv og fjord. Dei foreslår også å legge bustader i området mellom kulturhuset og Lerum. 

Artikkelen held fram under biletet

– SPENNANDE: Fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H) (f.v), sivilarkitekt Maria Molden og prosjektleiar Tone Boska i Arkitektgruppen Cubus, og Arve Tokvam i Lærdal næringsutvikling. 
– SPENNANDE: Fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H) (f.v), sivilarkitekt Maria Molden og prosjektleiar Tone Boska i Arkitektgruppen Cubus, og Arve Tokvam i Lærdal næringsutvikling. 

– Har ikkje tenkt på rådhuset som nøkkelen

Arve Tokvam, leiar for Lærdal næringsutvikling, tykkjer det er spennande kva som vart presentert. Han har følgt prosessen frå starten gjennom omstillingsarbeidet i kommunen. 

– Eg er imponert over måten Cubus har drege i gang prosessen. I staden for tradisjonelt planarbeid har dei teke med lokalsamfunnet og spesielt dei unge, gjennom ein grundig kartlegging før sjølve planprosessen. Me har jo visst at det er dårleg samanheng mellom funksjonar i kommunen, der det er utfordringar for å få den gamle delen til å henge i hop med den nyare delen. Så har dei peikt på rådhuset som kanskje har vore naturleg, men som me ikkje har tenkt på at kan vera området for å knyta sentrum saman på ein god måte, seier Tokvam. 

Artikkelen held fram under biletet

PRESENTERTE KART: Arkitektgruppen Cubus synte fram kart over planan for å knyte Lærdal betre saman. 
PRESENTERTE KART: Arkitektgruppen Cubus synte fram kart over planan for å knyte Lærdal betre saman. 

Fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H) ser det som viktig å få med engasjement frå innbyggarane om korleis å best nytta sentrum og at det ikkje skal stå på politikarane om det er dette lærdølene vil. Han konstaterer også at koplinga mellom den gamle og nye delen av sentrum er planar som også var framme for 20 år sidan. 

– Det er viktig at det ikkje berre blir med planar, men at me greier å setta det ut i livet på ein god måte. Det skal også me vera ein pådrivar for. Nokre tiltak kan ein raskt gjere for å visa endring som å tydeleg definere sentrum med rådhuset, samstundes som ein må ha ein langsiktig idé og korleis å utvikla Lærdal på sikt, seier Tokvam. 

Rådmann Alf Olsen jr. nytta høvet til å oppmode folk om at ein framleis kan ta kontakt om ein har fleire innspel i prosjektet. 

Artikkelen held fram under biletet

GLIMT FRÅ FORTIDA: På gamle Lærdalsøyri fortalde ungdommane i 9. klasse innbyggarane historia om Anna og Sjur som budde i Øyragata.
GLIMT FRÅ FORTIDA: På gamle Lærdalsøyri fortalde ungdommane i 9. klasse innbyggarane historia om Anna og Sjur som budde i Øyragata.

Har jobba tett med dei unge

I mai hadde Cubus ein kartkafe der 5. klasse fekk teikne kart over kva dei ønska seg og ville endre i sentrum. Medan i sommar vart rådhusparken iscenesett med idear i lag med "Gla' i Lærdal"-festivalen der born samarbeidde med byplanleggarane og snikkarar for å lage installasjonar med inspirasjon frå Lærdalsøyri, slik at parken var brukt som eit bindeledd mellom gamle Øyri og den nyare delen.  

– Det er fasinerande at det møtte opp så mykje folk. Det skapte diskusjonar som me elles ikkje hadde fått, seier Boska. 

Les også: Borna ynskjer meir liv i sentrum

Artikkelen held fram under biletet

DEI UNGE TOK OVER: Ungdommane i 9. klasse ved Lærdalsøyri skule tok over kommunestyresalen onsdag kveld.
DEI UNGE TOK OVER: Ungdommane i 9. klasse ved Lærdalsøyri skule tok over kommunestyresalen onsdag kveld.

Onsdag vart følget teke med på ei vandring på Lærdalsøyri, der 9. klasse ved Lærdalsøyri skule hadde laga til postar rundt om i sentrum. Oppgåva dei hadde fått av Cubus var nettopp å syne breidda av kvardagslivet på Øyri, i tillegg til å opne opp utvide synet om moglegheiter som finst. 

Inne på rådhuset hadde hadde Per Gjesdal teke rolla som ordførar, Jørgen Natvik var rådmann, medan klassekameratane flittig var oppe på talarstolen for å si si meining og for å få på plass ein samlingsplass. Både Per og Jørgen fortel etter seansen at det tykkjer det er kjekt å få vera med på prosjektet om korleis Lærdaløyri skal sjå ut. 

– Me vil jo at ha ein kommune som det er godt å bu i og slik at folk vil flytta hit. Det er jo me som skal styre kommunen etterkvart, då er det også viktig at me blir høyrde, seier dei. 

– VIKTIG Å FÅ BIDRA: Jørgen Natvik (f.v) som rådmann og Per Gjesdal som hadde teke rolla som ordførar. I kommunestyret denne kvelden vart det gjort vedtak om at ein må satsa på badeplass og stupetårn på Grandane og at ein må høyra på ungdommen.

Til toppen