Årdal: – Dette er det tverrpolitisk semje om, så eg håpar priroriteringa står seg gjennom handsaminga i fylkestinget i desember, seier Aleksander Øren Heen (Sp).
Som tidlegare omtala har det vore diskusjon om oppgradering av Seimsdalstunnelen i Årdal eller Blaksettunnelen i Stryn skal prioriterast øvst i investeringsprogrammet for 2018-2021.
Les også: Seimsdalstunnelen vert løfta opp på prioriteringslista
Les også: Her syner ordføraren kvifor det er behov for tunnel i Jåteli
Når fylkesutvalet gjorde sitt vedtak tysdag er løysinga at 550 millionar kroner av totalt 870 millionar kroner i investeringsprogrammet skal nyttast på dei to tunnelane i denne fireårsperioden.
– Ein viktig milepåle

Korleis fordelinga av pengane til slutt blir mellom dei to tunnelane og kva løysingar som blir valde, er ikkje avgjort enno, men etter fylkesutvalet sitt opplegg har dei lik prioritet.
– Dette er eit viktig steg på vegen for å koma i gang med arbeidet – ein viktig milepåle, seier Øren Heen.
No er det ein lengre høyringsrunde før saka blir endeleg avgjort på fylkestinget i desember.
– Som regel blir det ein debatt på prioriteringane når kjem til fylkestinget. Men ein kan seia det slik at det ser så bra ut som det kan gjera for Seimsdalstunnelen på noverande tidspunkt, seier Øren Heen.