KANONSESONG: Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter, fortel om fullt trøkk dei første vekene av kjernesesongen.
KANONSESONG: Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter, fortel om fullt trøkk dei første vekene av kjernesesongen. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

- Ser ut til å bli litt av ein sesong

Stavkyrkjer er i vinden som aldri før, og så langt denne sesongen har det vore full trøkk på Borgund.

Lærdal: - Det er for tidleg til at me har tal enno, men det ser ut til å bli litt av ein sesong. No er det ein periode på åtte veker med full trøkk, og me er sjølvsagt kjempeglade for at stavkyrkjer er i vinden som aldri før. Me er avhengig av gode besøkstal for å ha pengar til vedlikehald og vøling av kyrkja.

Det fortel Tanna Gjeraker, dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter. For å gje dei besøkjande den påkravde servicen har ho femten kvinner og menn i sving. Fire av dei kjem frå andre land, Spania og Frankrike. Dei elleve andre er lokale, stort sett frå Lærdal.

- Me må ha guidar på fleire språk, for nordmenn er det ikkje så mykje av blant dei besøkjande. Og dei kjem hit for å oppleva kvalitet dei ikkje opplever på same vis i andre land, seier Gjeraker.

Artikkelen held fram under biletet

FLEIRE NASJONALITETAR: Cristina Acebal er spanjol og kokk ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter
FLEIRE NASJONALITETAR: Cristina Acebal er spanjol og kokk ved Borgund stavkyrkje- og besøkssenter Foto: Ole Ramshus Sælthun

 

Nøgd med korleis det nye senteret fungerer

Det siste poenget gjer at ho også åtvarar mot å gapa over for mykje. Kring 40 000 løyser billett for å koma inn i Borgund stavkyrkje kvart år og alle som vitjar senteret eller ser på kyrkja utvendig er det snakk om meir enn dobbelt så mange.

- Kyrkja er gamal og toler ikkje uavgrensa tal besøkjande. Så me må ikkje saga av greina me sit på. Stavkyrkjene i Sogn går bra, og me skal nok ha litt i bakhovudet korleis me samarbeider for å spreia dei besøkjande, seier Gjeraker.

Vidare er ho klar på at stavkyrkje- og besøkssenteret, som opna i 2005, har vore ein ubetinga suksess.

- Alle stavkyrkjene burde eigentleg ha slike senter, for folk treng å få tilfredsstilt basale behov som å kunne gå på do og eta når dei er på vitjing. Det løyser ein med eit slikt senter, i tillegg til at me har utstillinga som fortel historia her. Fortidsminneforeininga tok ein stor sjanse då dei bygde senteret, men det er det luraste ein har gjort, og det har fungert perfekt.

Til toppen