LIGG GODT AN: Tysdag vart formannskapet i Årdal informert om det økonomiske ståa i kommunen per 30. august. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LIGG GODT AN: Tysdag vart formannskapet i Årdal informert om det økonomiske ståa i kommunen per 30. august. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ser ut til å halde budsjettrammene

Ifølgje den økonomiske rapporten for andre tertial ligg Årdal kommune an til halde budsjettet som er vedteke for 2015.

Årdal: Det opplyste rådmann Olve Fossedal om på formannskapsmøtet tysdag. Rapporten, som viser den økonomiske ståa per 30. august fortel om eit mindreforbruk, eller overskot, på 7,5 millionar.

På grunn av valet har det tatt tid å før denne saka kom opp til politisk behandling, og det korrekte talet skal vera 4,5 millionar fortalte rådmannen. 

– Det ser ut til at mindreforbruket er på 4,5 millionar mot dei 7,5 millionane som var på det tidspunktet rapporten vart tatt ut. Dette er fordi det er eit visst etterslep frå sommarferien, spesielt når det gjeld vikarar og innlevering av timelister til dømes. Kor stort etterslepet er, veit me ikkje. Det ser ut til at me ligg an til å havne på 4,5 millionar, og så vil dette utvikle seg litt ned eller opp, opplyste Fossedal.

STILTE SPØRSMÅL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) lurte på om det var grunn til gjera økonomiske endringar mot slutten av året.
STILTE SPØRSMÅL: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) lurte på om det var grunn til gjera økonomiske endringar mot slutten av året.

God budsjettdisiplin

Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) hadde då stilt spørsmålet om det var naudsynt med korrigeringar frå politisk hald dei resterande månadane av året.

Rådmannen peikte også på at berre 8,5 millionar er teke ut av utbytte frå energiverket mot dei 12 millionane det er budsjettert med. 

– Eg trur me skal klara eit ekstrabidrag til inndekkinga av Robek og koma ut på rette sida. Og så er det fortsatt slik at det er naudsynt med stø kurs og stram økonomisk styring. Det har organisasjonen fått med seg og budsjettdisiplinen er god. Det er ingenting som tilseier at disiplinen er blitt dårlegare sidan sist me køyrde ei driftsoppfølging i vår, la han til. 

– GLEDELEG: Aleksander Øren Heen (Sp) tykte det var gledeleg at skatteinntektene var høgare enn budsjettert.
– GLEDELEG: Aleksander Øren Heen (Sp) tykte det var gledeleg at skatteinntektene var høgare enn budsjettert.

Gode skatteinntekter

At kommunen følgjer vedtatt budsjett er ein viktig føresetnad for at Årdal skal kunne leggje frå seg stempelet som Robek-kommune når neste år er omme. Av rapporten kom deg også fram at skatteinntektene er høgare enn budsjettert. Det drog Aleksander Øren Heen (Sp) fram som positivt.

– Det er gledeleg å sjå det. Det vitnar om aktivitet.

Både han og Brandsdal var også interessert i korleis det går med rekrutteringa til kommunen. I dag er det lyst ut fleire stillingar i kommunen, og spørsmålet gjekk på om rådmann fulgte rekrutteringsplanane politikarane har vedteke, som til dømes støtteordningar til folk under utdanning, som igjen kan nytte denne i kommunen.

Samarbeid med Lærdal

Heen var også interessert i rekruttering til plan- og byggesak, som han meiner er eit viktig område, der ein treng god kompetanse.

– Dette har vore ei utfordring, og eg har vore i dialog med administrasjonen i Lærdal med sikte om eit samarbeid sidan dei slit med dei same utfordringane. På det tidspunktet meinte rådmann at det var for tidleg å ta steget fullt ut fordi det er uklart kva konsekvensar dette vil få. 

– Det eg har gjort er at eg har lagt inn midlar i framlegget til budsjett 2016 for å ta store ting me veit vil koma, som strategisk kommuneplan, som er ei svært sak som kjem i starten av 2016. Dette må handterast på ein fagleg måte i dialog med politikken. 

Til toppen