BORTEBANE: Årdal FK tapte kampen mot serieleiar Brattvåg laurdag. Arkivfoto
BORTEBANE: Årdal FK tapte kampen mot serieleiar Brattvåg laurdag. Arkivfoto

Serieleiarane vart for sterke for Årdal

Brattvåg, som toppar tabellen for 3. divisjon avdeling 8, sigra på heimebane mot Årdal FK på Brattvåg stadion laurdag. 

Brattvåg – Årdal 4-0

Laurdag vart det klart for bortekamp for Årdal FK. Dei møtte laget Brattvåg, i Haram på Sunnmøre. Årdal stilte med eit ungt mannskap, då laget har mange spelarar på skadelista. 

NØGD MED INNSATSEN: Ivan Øy, trenar for Årdal FK. Arkivfoto
NØGD MED INNSATSEN: Ivan Øy, trenar for Årdal FK. Arkivfoto

– Dei unge spelarane får sjansen til å prøve seg, noko som er nyttig læring. Spelarane gjer ein god innsats, då er eg nøgd, seier trenar for Årdal FK Ivan Øy. 

Tøff motstandar på heimebane

– Bortekamp mot Brattvåg er ikkje ein kamp me skal vinne. Det var me budd på. Me møtte eit godt lag. Brattvåg får styre spelet og det gjekk ikkje vår veg, seier Øy.  

Øy er sikker på at serieleiaren Brattvåg blir laget som rykker opp på tabellen.  

19 minutt ut i første omgang, sett Brattvåg ballen i mål på sin første sjanse i omgangen. Halvvegs i første omgang er det framleis heimelaget som har ballen mest. Årdal legg inn ein iherdig innsats, og jobba også godt. 

To mål under etter første omgang

Heimelaget doblar så leiinga 33. minutt ut i første omgang. Årdal hadde ein fin sjanse på mål like før pause, men den gjekk ikkje i nettet. Til pause ligg Årdal under med to mål. 

​Til tider blir det ein forsvarskap for Årdal. Øy fortel dei gjorde nokre justeringar til andre omgang, som gjorde at dei klarte å stoppe sunnøringane før dei kom forbi 16 meteren.  

Få minutt ut i andre omgang får både Årdalspelaren Marcin Brzykcy og ein spelar frå Brattvåg gult kort. Etter ei takling frå Brzykcy, blir han angripen av Brattvågspelaren. Sjølv om Øy meiner det skulle vore raudt kort, var ikkje dommaren av same formeining. 

Heimelaget får så ein stor sjanse, men ballen blir nikka over mål. Så er det Årdal sin tur. Ole Gunnar Bukve Kjødnes skyt frå 20 meter, men keeper redda. 

Sette to mål på tampen

Når kring 10 minutt står att av kampen jobbar framleis Årdal godt for å stå imot serieleiarane. 

I siste speleminutt sett Brattvåg inn det tredje målet etter eit hjørnespark. To minutt på overtid sett Brattvåg inn sitt siste og fjerde mål i hjørnet av målet. 

Kampreferat og tabell finn du her

Satsar på poeng mot Hødd 2

Årdal med 12 poeng ligg no på tredje sistplass på tabellen, men det er tett mellom laga opp til 6. plass. 

Fredag speler Årdal sin siste kamp for vårsesongen mot Hødd 2 på heimebane. 

– Dette er ein kamp der me må plukke poeng, om me skal klare å halde hovudet over vatnet. Me satsar på tre poeng, før me tek i sommarferie, seier Øy. 

Til toppen