Seriestarten til 5. divisjon herrer, Jotun/ÅTIL/Årdal 2 endte i ein stillingskrig utan dei store sjansane.
Seriestarten til 5. divisjon herrer, Jotun/ÅTIL/Årdal 2 endte i ein stillingskrig utan dei store sjansane.

Seriestart i 5. divisjon

5. divisjonslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 byrja sesongen med tap mot Balestrand, men trenar Ørjan Loftheim seier det er godt å vera i gang. 

Jotun/ÅTIL/Årdal 2 - Balestrand 1-2

Etter å ha slitt med treige startar i treningskampane i vinter, vart det i dag ein god start for heimelaget og dei hadde full kontroll på Balestrand heilt til ein uheldig keeper bomma på ballen. Balestrand gjekk difor i leiinga like før pause. Jotun/ÅTIL/Årdal 2 hadde fleire gode sjansar, inkludert eit skot i tverrliggaren.

Artikkelen held fram under biletet. 

Seriestart 3. mai, Jotun/ÅTIL/Årdal 2 - Balestrand. 
Seriestart 3. mai, Jotun/ÅTIL/Årdal 2 - Balestrand. 

Andre omgang byrja mykje betre for heimelaget, og Ruben Aspeseter utlikna på dødball rett etter omgangen var i gong. Kampen utvikla seg vidare til å verte ein stillingskrig utan dei store sjansane frå nokon av laga. Likevel var det Balestrand som sikra seg sigeren like før kampen var slutt.

Totalt sett var det ein jamnspelt og god kamp, og ein klar forbetring frå treningskampane. 

Sesongstart

Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 vert trena av John Kenneth Søreide og Ørjan Loftheim, og søndag var dei klare for den fyrste kampen denne sesongen. 

– Det var godt å kome i gang. Dette har me jobba for i fire månader no, seier Loftheim.

Artikkelen held fram under biletet.

Jotun/ÅTIL/Årdal 2 - Balestrand.
Jotun/ÅTIL/Årdal 2 - Balestrand.

5. divisjonslaget er eit ungt lag med spelarar frå 16 år og oppover. Med på laget har dei og nokre få gutar i byrjinga av tjueåra. – Dette er meir rutinerte spelarar, legg Loftheim til.

Vanskeleg å spå

Trenarane og laget har ikkje sett seg nokre klare plasseringsmål for denne sesongen, men Loftheim håpar på å liggje i øvre del av tabellen. 

Han legg til at det er vanskeleg å på førehand spå denne divisjonen og dei laga dei vil møte, men han er trygg på spelarane i Jotun/ÅTIL/Årdal 2. 

– Det er ei fin gruppe med folk som møter opp på treningane. Spelarane har mot og "guts", seier Loftheim. 

Mogelegheitar

Ein av fordelane for 5. divisjonslaget er at det gjev fleire folk moglegheiten til å spela. – Dette er eit kombinert breiddetilbod, og passar for dei som ikkje er klar for å spele i 3. divisjon enno, seier han. 

På treningane til samarbeidslaget møter det opp mellom 15 og 25 spelarar kvar gong, noko Loftheim er særs fornøgd med. 

Til toppen