SKYSS: Skyssen bidreg til å hindre isolasjon, gje brukarane anledning til å ha eit meir aktiv liv, og på den måten styrke den mentale helsa, skriv Frivilligsentralane i Sogn og Fjordane
SKYSS: Skyssen bidreg til å hindre isolasjon, gje brukarane anledning til å ha eit meir aktiv liv, og på den måten styrke den mentale helsa, skriv Frivilligsentralane i Sogn og Fjordane (Illustrasjonsfoto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Tove Berget)

MEININGAR

Serviceskyssen, langt meir enn berre ein tur til butikken

– Serviceskyssen er folkehelse, skriv Frivilligsentralane i Sogn og Fjordane.

Meningar: Heilt sidan tidleg på 2000 – talet har serviceskyssen vore eit transporttilbod i delar av Sogn og Fjordane. Først berre nokre få kommunar, men etter ein prosjektperiode i 2008 – 2009 auka talet jamt og trutt. Fylkeskommunen har sett den klare nytten av å styrke skyssen, og dette har ført til ei gradvis utviding. I dag er det serviceskyssruter i 25 av 26 kommunar i fylket. Ein stor honnør til alle som har stått på for dette tilbodet, både politisk og administrativt i fylkeskommunen, til alle brukarane, og alle andre som brenn for skyssen.

I dei fleste av kommunane er det gjerne frivilligsentralane som har ei eller anna form for styring med skyssen, eller organiseringa rundt dei tilboda som er på staden ruta går til, gjerne i samarbeid med pensjonistlag eller andre. Frå fylket har det vorte fokusert på at serviceskyssen skal vere meir enn berre ei handlerute, noko som spesielt frivilligsentralane har teke tak i. I mange kommunar har det vorte etablert ny aktivitet på endehaldeplassen i sentrum, der dei reisande kan få ulike tilbod. Det har vorte etablert kafear, dei får gå på ulike møte, kulturhendingar og faste arrangement har vorte flytta slik at tidspunktet passar til skyssen, for å nemne noko. Og sjølvsagt;  dei får gå på butikken for å handle sine eigne varer.

– Viktig med tilrettelagd transport

Vi i frivilligsentralane som kvar dag jobbar med menneske, og som prøver å gje alle meiningsfylte tilbod,  ser kor viktig det er med sikker og tilrettelagt transport. Sjølv om serviceskyssen er open for alle, er dei aller fleste brukarane godt vaksne. I denne aldersgruppa er det mange som ikkje kan, eller ikkje vil, køyre sjølv. Kanskje er dei litt dårlege til beins, eller dei bur langt frå busstoppen. Dei fleste ynskjer heller ikkje å vere til bry for pårørande, og det å leige drosje er dyrt, og ofte ikkje aktuelt. Då vert alternativet å sitje heime.

Her er serviceskyssen heilt unik! Dei som tingar plass vert henta heime på tunet på føremiddagen, køyrd til endehaldeplassen der diverse tilbod ventar. På ettermiddagen vert dei henta i lag med varene dei har kjøpt, køyrd heilt heim igjen, og får gjerne hjelp til å bere varene i hus, alt saman for 30 kr. kvar veg. Universelt utforma køyretøy og hyggelege sjåførar syter for ei god oppleving i lag med dei andre passasjerane. Brukarane kan kome seg til ulike aktivitetar, vere sosiale, treffe vener, gå og handle sine eigne varer og leve eit liv på lik line som andre i samfunnet. Skyssen bidreg til å hindre isolasjon, gje brukarane anledning til å ha eit meir aktiv liv, og på den måten styrke den mentale helsa. Turen er målet! Då kan vi trygt hevde at serviceskyssen er folkehelse!

Meistring av eige liv

Vi er no midt i innføring av kvalitetsreforma «Leve heile livet» rundt om i kommunane. Her vert det lagt fokus på å gje eldre gode tilbod, eller som det står i Meld. St 15: «Leve hele livet handler om mennesker. Det viktigst i livet. Fellesskap, aktivitet, god mat og helsehjelp. Med leve hele livet skal eldre få mulighet til å mestre eget liv der de bor, hele livet»  

Vi har mange døme på at serviceskyssen  bidreg til akkurat dette, å gje eldre mogelegheit til å mestre eige liv der dei bur. Dei kan bu lenger i eigen heim takka vere sikker og rimeleg transport, og dei får høve til å leve eit meir aktivt liv sidan dei har sikker transport ein dag i veka, året rundt. I tillegg er skyssen samfunnsøkonomisk. Den går berre der det er passasjerar og  til dei tidene som passar.  Og sidan brukarane kan ordne sine eigne gjeremål, handle sine eigne varer og få dei transportert heilt til døra, avlastar dei heimetenestene i kommunane.

Vi er sterkt uroa over kva som kan skje med dette skysstilbodet i nye Vestland fylke. Vi i frivilligsentralane oppfordrar på det sterkaste både politikarar og administrasjonen å jobbe for vidareføring av serviceskyssen. Elles vil vi risikere å få rasert ei ordning som det har teke nesten 20 år å bygge opp. Vi har mange bekymra brukarar i ryggen som er redde for å miste ei ordning som dei er så avhengige av.

Til toppen