TAP: Sundag var det slutt på sigersrekka til Sogndal, då dei tapte mot Notodden i sesongens siste kamp i OBOS-ligaen.
TAP: Sundag var det slutt på sigersrekka til Sogndal, då dei tapte mot Notodden i sesongens siste kamp i OBOS-ligaen. (Foto: Sveinung Sandal)

Sogndal tapte sesongens siste kamp før sluttspelet – no ventar kvalik mot Ull/Kisa

Det var ein svolten gjeng frå Notodden som trappa opp på Fosshaugane Campus sundag.

Sogndal - Notodden: 0-1

I fjor rykka Sogndal ned etter tap i kvalifiseringa mot Ranheim. No har Sogndal sikra seg 4. plassen.

Spelarane ser ut til å vera i god form og har hatt ei knall-avslutning på sesongen med siger i fire av dei fem siste kampane. Å vidareføra sigersrekka ville ha gitt Bakkes menn ein boost i kvalifiseringa.

Siger sundag kunne ha vore viktig for å halda oppe momentet inn mot kvalifiseringskamp mot Ull/Kisa 25. november. Deretter vil vinnaren møta vinnaren frå den andre kvalifiseringskampen, mellom Aalesund og 6. plassen.

Tam 1. omgang på Fosshaugane

Sogndal var det førande laget frå start, men etterkvart vakna gjestane og kom meir inn i kampen mot slutten av første omgsng.

Likevel kunne heimelaget ha teke leiinga allereie før første minutt var spelt. Akeem Latifu med innlegg til Sigurd Haugen som heada ballen inn i feltet. Ulrik Flo sette ballen utafor. 

Etter nokre slappe 20 minutt, der begge lag produserer lite, knusar Stanisa Mandic til frå 20 meter med ein susar som treff rett utanfor tverren. 

I dei siste minutta av første omgang kunne gjestane i blått ha teke leiinga. Erlend Hustad heilt åleine med Dyngeland, med avslutninga var for dårleg og det enda i corner.  

Saka held fram under biletet.

JUBEL: Notodden sigra over sogndølene og redda seg frå nedrykksplass. Foto: Sveinung Sandal

Notodden bomma på straffe, skåra like etterpå

Sogndal gjekk rett i strupen etter avspark i andre omgang. Latifu var røff mot Hustad inne i femmeteren, og laga straffespark til gjestane. Gaston Salasiwa sendte ballen mot hjørnet til Dyngeland, og brente den etter ein meisterleg redning frå heimekeeperen.

Lagoppstilling Sogndal

1. Mathias Dyngeland

2. Akeem Latifu

3. Per-Magnus Steiring

5. Nikita Baranov

29. Tomas Olai Totland

10. Stanisa Mandic (59. Ulrik Fredriksen)

6. Bjørn Helge Riise (69. Joachim Soltvedt)

8. Eirik Birkelund

7. Eirik Schulze

9. Ulrik Flo (53. Akor Jerome Adams)

18. Sigurd Haugen

Like etter slo dei blåkledde ned som eit lynnedslag. Hustad knuste til frå skrå og dunka ballen i nettet 0-1. Rett etter vart stillinga nesten 0-2, Hustad frampå igjen med tomt mål, men ballen gjekk utanfor.

Klabb og babb for Sogndal i sluttminuttane. Både Haugen og Soltvedt serverar innlegg på innlegg, men ingen kvite er på ballen. Dei fekk ein sjanse til å redusera på straffespark etter at Steiring vart lagt i bakken. Sigurd Haugen sette ballen langt utafor.

Til toppen